Gnagarar
Gnagarar | |
Ekorn (Scirius vulgaris) | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Ryggradsdyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Gnagarar Rodentia Bowdich, 1821 |
Gnagarar (latin Rodentia) er ein orden av pattedyr som er særprega ved dei to kraftige fortennene i overkjeven. Tidlegare rekna ein òg haredyra til gnagarane under overordenen Glires, men ein har gått bort frå dette synet i nyare tid.
Til gruppa høyrer omkring 1 500 beskrivne artar fordelt på 30 familiar. I Noreg førekjem 18 artar.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Gnagarane sitt fremste kjenneteikn er framtennene deira, som er tilpassa gnaging og veks heile livet. Hjå brunrotte Rattus norvegicus veks dei så mykje som 2,7 mm i veka. Dei er dekt med hard emalje berre på framsida, så når dei vert brukt får dei ein kvass egg som gjer dei til effektive gnagereiskapar. Ulike grupper nyttar dei til ulike føremål. Mønsteret i emaljen kan vera nyttig når ein skal bestemma artar.
Dyra i gruppa er kompakt bygde og har oftast korte bein. Dei er sålegjengarar og er elles særs varierte i kroppsbygging; særleg halen. Berre i Noreg er spennet breitt; artar som bever, ekorn, dei ulike rottene og lemenet har vidt ulike former på halen sin.
Den største gnagaren i verda i dag er flodsvinet, som kan vega over 60 kg og lever i våtmarker i Sør-Amerika. Dei langt fleste gnagarar er likevel smågnagarar som oftast veg mindre enn 100 gram.
Inndeling
[endre | endre wikiteksten]Inndelinga under følgjer Animal Diversity Web,[1] med nokre tillegg etter Handbook of the Mammals of the World (2017). [2]
- Orden: Rodentia, gnagarar
- Underorden: Anomaluromorpha, springharegruppa
- Familie: Anomaluridae, skjelekornfamilien, lurvehaleekornfamilien
- Familie: Pedetidae, springharefamilien
- Underorden: Castorimorpha, bevergruppa
- Familie: Castoridae, beverfamilien
- Familie: Geomyidae, kinnposerottefamilien
- Familie: Heteromyidae, kengururottefamilien
- Underorden: Hystricomorpha, marsvingruppa
- Infraorden: Ctenodactylomorphi, kamfingerrottelignende gnagarar
- Familie: Ctenodactylidae, kamfingerrottefamilien
- Infraorden: Hystricognathi
- Parvorden: Phiomorpha
- Familie: Hystricidae, holepiggsvinfamilien
- Familie: Petromuridae, klipperottefamilien
- Familie: Thryonomyidae, sumprottefamilien
- Parvorden: Bathyergomorpha, sandgravarliknande gnagarar
- Familie: Bathyergidae, sandgravarfamilien
- Parvorden: Caviomorpha, marsvinliknande gnagarar
- Overfamilie: Erethizontoidea, trepiggsvingruppa
- Familie: Erethizontidae, trepiggsvinfamilien
- Overfamilie: Cavioidea
- Familie: Dasyproctidae, agutifamilien
- Familie: Cuniculidae, pakafamilien
- Familie: Dinomyidae, pakaranafamilien
- Familie: Caviidae, marsvinfamilien
- Overfamilie: Octodontoidea, trompetrottegruppa
- Familie: Octodontidae, trompetrottefamilien
- Familie: Ctenomyidae, kamrottefamilien
- Familie: Echimyidae, piggrottefamilien, tornerottefamilien
- Familie: Myocastoridae, sumpbeverfamilien
- Familie: Capromyidae, beverrottefamilien
- Overfamilie: Chinchilloidea, chinchillagruppa
- Familie: Chinchillidae, chinchillafamilien
- Familie: Abrocomidae, haremusfamilien
- Overfamilie: Erethizontoidea, trepiggsvingruppa
- Parvorden: Phiomorpha
- Infraorden: Ctenodactylomorphi, kamfingerrottelignende gnagarar
- Underorden: Myomorpha, museliknande gnagarar
- Overfamilie: Dipodoidea, hoppemusgruppa
- Familie: Sminthidae, bjørkemusfamilien
- Familie: Zapodidae
- Familie: Dipodidae, hoppemusfamilien
- Overfamilie: Muroidea, musegruppa
- Familie: Calomyscidae
- Familie: Cricetidae, hamsterfamilien
- Familie: Muridae, musefamilien
- Familie: Nesomyidae
- Familie: Platacanthomyidae
- Familie: Spalacidae, moldvarprotter
- Overfamilie: Dipodoidea, hoppemusgruppa
- Underorden: Sciuromorpha, ekorngruppa
- Familie: Aplodontidae, beverekornfamilien
- Familie: Gliridae, sjusovarfamilien
- Familie: Sciuridae, ekornfamilien
- Underorden: Anomaluromorpha, springharegruppa
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Myers, P., R. Espinosa, C. S. Parr, T. Jones, G. S. Hammond, and T. A. Dewey (2006) Rodentia (online), Animal Diversity Web. Vitja 23. november 2007
- ↑ Don E. Wilson, Thomas E. Lacher, Jr, Russell A. Mittermeier, Handbook of the Mammals of the World - Volume 7: Rodents II, pp. XXX, pub. november 2017, ISBN 978-84-16728-04-6
- Semb-Johansson, Arne (red): Norges dyr - pattedyrene 3 Cappelen 1990
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) gnagarar hos Artsdatabanken
- (en) gnagarar – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) gnagarar i Encyclopedia of Life
- (en) gnagarar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) gnagarar hos Dyntaxa
- (en) gnagarar hos Fauna Europaea
- (en) gnagarar hos Fossilworks
- (en) gnagarar hos ITIS
- (en) gnagarar hos NCBI
- (en) Kategori:Rodentia – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Rodentia – detaljert informasjon på Wikispecies