Sko
Utsjånad
Sko (av norrønt skór) er ein type fottøy som hovudsakleg har sole og blir brukt ytst. Han kan dekkja heile eller delar av foten og rekkja opp til okla. Sko kan brukast til å verna føtene, gje fotfeste eller til pynt. Ordet «sko» kan også brukast om innretningar som minnar om sko, som hestesko, bremsesko og kabelsko.
Sko kan vera laga av materiale som lêr, gummi, tekstilar og ulike kunststoff. Dei har som regel ein tjukk sole og er gjerne også forsterka i tå- og hælområda. Dei kan festast til foten med reimer, lisser, borrelås eller gjennom si eiga utforming, som tresko. Det finst sko for mange ulike føremål, som arbeidssko, finsko og treningssko.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «sko» i Nynorskordboka.
- «sko» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sko» frå Wikipedia på bokmål, den 12. april 2012.