Hopp til innhald

Nesttun-Osbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nesttun–Osbanen)
Nesttun stasjon i 1907
Foto: Anders Beer Wilse
Stend stasjon
Foto: Jan-Tore Egge
Gamle Os stasjon ved Osøyro.

Nesttun-Osbanen var ein privat smalspora jarnbane med 750 mm sporvidd som gjekk mellom Nesttun stasjonNesttun i Fana og Osøyro i Os. Banen vart opna i 1894 og nedlagt i 1935 på grunn av at drifta ikkje var lønsam.

Mykje av traseen kan framleis sjåast i terrenget, og er på lange strekningar gjort om til gang- og sykkelveg. Stasjonbygningen på Stend og nokre vogner er tekne vare på som eit lite museum.

På Nesttun hadde banen stasjon saman med den dåverande Vossabanen (Bergensbanen), som gav samband til Bergen sentrum. Men då sporvidda var mindre på Osbanen enn på Vossabanen, som hadde normalspor, måtte gods lastast om og passasjerar skifte tog.

Nesttun-Osbanen hadde stasjonar på Nesttun, Skjold, Rådal, Stend, Solbakken, Fana (ved krysset Titlestadvn/Kvernbabekkvn), Hamre, Kismul og Kalandseidet i Fana, og på Søfteland, Ulven, Kuven og Osøyro i Os.

Teiknforklaring
Bergensbanen (Vossabanen) frå Bergen
0,00 km Nesttun (1872) 31,4 moh.
til Arna
Skjold 52,0 moh.
4,30 km Rådal (1894) 42,0 moh.
6,60 km Stend (1894) 60,0 moh.
Solbakken 53,0 moh.
8,60 km Fana (ved krysset Titlestadvn/Kvernabekkvn, 1894) 53,0 moh.
9,90 km Hamre (1894) 54,0 moh.
Kismul 64,0 moh.
15,10 km Kalandseidet (1894) 75,5 moh.
18,30 km Søfteland (1894) 56,0 moh.
23,30 km Ulven (1894) 43,0 moh.
25,30 km Kuven (1894) 22,5 moh.
26,30 km Osøyro (1894) 3,0 moh.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Soga om Osbanen Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.