Hafslundbanen
Hafslundbanen | |
Hafslundbanen ved Hafslund karbidfabrikk Foto: Anders Beer Wilse (1925) | |
Info | |
Type | Industriell jernbane |
System | Enkeltspora elektrifisert bane |
Status | Nedlagt |
Utgangsstasjon | Hafslund haldeplass |
Endestasjon | Sundløkka |
Drift | |
Opna | 20. mars 1898 |
Eigar | Hafslund |
Operatør(ar) | Hafslund Smelteverk |
Type trafikk | Gods |
Teknisk | |
Køyrestraum | 600 V likestraum |
Sporvidde | Normalspor |
Lengde | 5,5 km |
Hafslundbanen er ein nedlagt industribane mellom Hafslund i Sarpsborg og Sundløkka i Fredrikstad. Den var eit sidespor til Østfoldbanen og vart opna 20. mars 1898 og er dermed den første, elektriske normalspora jernbanen i Norge. Den opphavlege traséen vart nedlagt i 1973 i samband med bygginga av Sannesundbrua.
Banen vart nytta av Hafslund Smelteverk for industriell transport til anlegget deira og til hamna på Sundløkka. Den vart elektrifisert med 600 V likestraum. Den 2 km lange strekninga frå anlegget til hamna vart nedlagt i 1967 etter at den hadde blitt øydelagt av flaum, medan resten av banen vart nedlagt seks år seinare. Samstundes vart ein ny uelektrifisert strekning sett i drift mellom Vestre linje sør for Hafslund kapell og smelteverket, denne var i drift til starten av 1980-åra. Dette sporet vart rive i 2001. Eitt lokomotiv er tatt vare på ved Krøderbanen.
Linjekart
[endre | endre wikiteksten]Teiknforklaring | |||
Opphavleg strekning (1898–1973) | |||
Hafslund haldeplass Østfoldbanen til Rakkestad | |||
Gamle E6 | |||
Haugeveien, Østfoldbanen til Halden | |||
Depot | |||
Industriområde | |||
Riksveg 111 | |||
Ny strekning (1973 - 2001) | |||
Hafslund smelteverk | |||
Riksveg 111 | |||
Aarum teglverk | |||
Sandesundbrua E6 | |||
Sundløkka havn (1898 - 1967) | |||
Gretnes teglverk |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hafslunbanen på Jernbane.net[daud lenkje]
- Norsk jernbaneklubb om Hafslundbanen Arkivert 2010-01-13 ved Wayback Machine.
- Lenkesamling om Hafslundbanen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hafslundbanen» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2013.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |