Krøderbanen




Krøderbanen er eit jarnbanespor på 26 km som går mellom Vikersund og Krøderen i Buskerud. Banen blei opna i 1872 og vart særleg nytta til tømmertransport. Passasjertrafikken blei lagt ned i 1958, og godstrafikken fortsette til 1985. Stortinget vedtok same år at Krøderbanen saman med Krøderen stasjon skulle takast vare på for ettertida som museumsjarnbane.[1]
Sommarstid køyrer Norsk Jernbaneklubb tog med damplokomotiv på Krøderbanen og dette har blitt ein turistattraksjon. Endestasjonen Krøderen stasjon er blitt til jarnbanemuseum.
I tillegg til endestasjonane stoppar Krøderbanen òg ved Snarum stasjon, Sysle stasjon og Kløftefoss stoppestad.
Linjekart
[endre | endre wikiteksten]Teiknforklaring | |||
![]() |
121,88 km | Krøderen (1872) | |
![]() |
Fv191 | ||
![]() |
Rv280 (ca. 60 m) | ||
![]() |
Slettemoen (1953) | ||
![]() |
sidespor til Kløftefoss grustak | ||
![]() |
116,50 km | Kløftefoss (1891) | |
![]() |
Lia (1883) | ||
![]() |
Ula (1949) | ||
![]() |
111,75 km | Morud (1873) | |
![]() |
110,60 km | Grina (1875) | |
![]() |
Olavsby (1949) | ||
![]() |
107,90 km | Snarum (1872) | |
![]() |
Asbjørnhus (1948) | ||
![]() |
105,80 km | Gundhus (1948) | |
![]() |
Løkka (1951) | ||
![]() |
103,62 km | Sysle (1873) | |
![]() |
Jemterud (1948) | ||
![]() |
Rv280 | ||
![]() |
Hære (1951) | ||
![]() |
Grøtterud (1951) | ||
![]() |
Rv35 (27,5 m) | ||
![]() |
Randsfjordbanen frå Hønefoss | ||
![]() |
95,91 km | Vikersund (1866) | 67,1 moh. |
![]() |
Randsfjordbanen til Hokksund |
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Ved opninga i 1872 var Krøderbanen smalspora med ei sporvidde på 1067 mm, men vart bygt om til normalspor på 1435 mm i 1909.[1] Tømmertransport frå Hallingdal til Drammen var den viktigaste kjelda til innkomme for banen.
Frå Krøderen stasjon i den sørlege delen av innsjøen var det samband med dampbåt til Gulsvik. Båtturen tok 2 1/2 time med D/S «Haakon Adelsten», «Krøderen» og «Norefjeld». Siste dampbåt gjekk i 1925. Da strekninga Voss-Gulsvik på Bergensbanen vart teken i bruk i 1908 var det stor trafikk på Krøderbanen, men etter at Bergensbanen opna til Hønefoss og Oslo i 1909 var det berre lokaltrafikk.[1]
Freding
[endre | endre wikiteksten]Stasjonsområdet på endestasjonen Krøderen er freda saman med rundt 2,6 kilometer av banen.[2]
Olavsrosa
[endre | endre wikiteksten]Krøderbanen er tildelt Olavsrosa.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Norsk Jernbaneklubb / Krøderbanens historie». Henta 28. februar 2015.
- ↑ Krøderbanen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- ↑ «Krøderbanen». Olavsrosa. Henta 28. februar 2015.