Hopp til innhald

Klippedue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klippedue
Columba livia
Columba livia
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Klippedue
Utbreiinga av Klippedue
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Duefuglar Columbiformes
Familie: Duefamilien Columbidae
Slekt: Columba
Art: Klippedue C. livia
Vitskapleg namn
Columba livia

Klippedua (Columba livia) er ein fugl i duefamilien. Den velkjende bydua, som lever i byar over delar av landet, er etterkommarar av tamme klippeduer (brevduer og duer som blei haldne som ei kjelde til mat året rundt) som igjen har forvilla seg. På grunn av dei forvilla tamduene (Columba livia domestica) er den opphavlege ville klippedua i fare for å bli genetisk utvatna, fordi dei to variantane parar seg med kvarandre og dannar hybridar. I Noreg reknar ein med at den ville klippedua er utrydda.[1] Klippedua har ikkje hatt etablert hekkebestand i Noreg (dvs. minst 10 reproduserande individ i minst 10 år) etter år 1800, og blir derfor klassifiserte som ikkje eigna NA for rødlisting.[2] Tamformen, bydue, er introdusert i Noreg.

Klippedueegg
  1. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 
  2. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av klippedue Columba livia for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.