Karl Popper
Karl Popper | |||
| |||
Fødd | Karl Raimund Popper 28. juli 1902 Wien | ||
---|---|---|---|
Død | 17. september 1994 Kenley | ||
Nasjonalitet | Cisleithania, Austerrike, Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Område | filosofi, epistemologi, rasjonalitet, vitskapsteori, logikk, politisk filosofi, sosialfilosofi, abiogenese, kvantemekanikk | ||
Yrke | filosof, vitenskapsteoretiker, skribent, universitetslærar, sosiolog, matematikar, lærar | ||
Institusjonar | University of Canterbury London School of Economics King’s College London University of London | ||
Alma mater | Universitetet i Wien University of Cambridge Universitetet i Wien | ||
Doktorgradsrettleiar | Karl Bühler Moritz Schlick | ||
Ektefelle | Josefine Anna Henninger | ||
Medlem | Royal Society British Academy American Academy of Arts and Sciences Accademia Nazionale dei Lincei Mont Pelerin Society Académie internationale d’histoire des sciences National Academy of Sciences |
Karl Raimund Popper (28. juli 1902–17. september 1994) var ein austerriksk filosof og vitskapsteoretikar.
Popper vart fødd i Wien i Austerrike som son av ein advokat av jødisk opphav, og tok doktorgraden i filosofi ved Universität Wien i 1928. Han arbeidde først i Tyskland, hovudsakleg som filosof, med vitskapsteori som spesialitet. Etter Anschluss emigrerte han til New Zealand og seinare til Storbritannia. Karl Popper blir rekna som den mest innflytelsesrike vitskapsfilosofen på 1900-talet.
Et viktig tema hos Popper var forskjellen mellom det han skildra som genuint testbare teoriar og teoriar som riktig nok stod fram som vitskapelege, men som ikkje var testbare og derfor var pseudovitskap. Teoriar for eksempel frå Adlers og Freuds arena var av denne ikkje-testbare mytiske typen. Dei var, slik Popper såg det, fascinerande nok, men stod fram som grunnleggande upålitelege. Som eksempel på ein dristig teori av eit anna vitskapeleg kaliber trekte han fram Einsteins relativitetsteori. Relativitetsteorien medførte at det var mogeleg å forutseie konsekvensar som var testbare. På den måten var den eit svært dristig vitskapeleg teori samtidig som han, i tilfelle han viste seg å overleve denne testen, hadde ein annan substans av pålitelegheit.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Logik der Forschung, 1934
- The Open Society and its Enemies, 1946
- The Poverty of Historicism, 1961
- Conjectures and Refutations: The Growth of Scientific Knowledge, 1963
- Objective Knowledge: An Evolutionary Approach, 1972
- Unended Quest; An Intellectual Autobiography, 1976
- The Self and Its Brain: An Argument for Interactionism (med John C. Eccles), 1977
- The Open Universe: An Argument for Indeterminism, 1982
- Realism and the Aim of Science, 1982
- Die Zukunft ist Offen (med Konrad Lorenz), 1985
- The Myth of the Framework: In Defence of Science and Rationality, 1994
- Knowledge and the Mind-Body Problem: In Defence of Interactionism, 1994
- In Search of a Better World
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Karl Popper hos Filosofer på Internett Arkivert 2005-02-04 ved Wayback Machine.