Hopp til innhald

Juan Ramón Jiménez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juan Ramón Jiménez

Statsborgarskap Spania
Fødd 24. desember 1881
Moguer
Død

29. mai 1958 (76 år)
San Juan på Puerto Rico

Yrke lyrikar, skribent
Språk spansk
Sjanger dikt, lyricism
Ektefelle Zenobia Camprubí
Signatur
Juan Ramón Jiménez på Commons

Juan Ramón Jiménez (24. desember 188129. mai 1958) var en spansk forfattar som i 1956 fekk Nobelprisen i litteratur «för hans lyriska diktning som på spanskt språk bildar ett föredöme av hög andlighet och konstnärlig renhet.»[1][2]

Nobelprisen
Nobelprisen i litteratur
1956


Jiménez var fødd i Moguer i Andalucía som son av ein vinhandlar. Han fekk den første utdaninga si ved Jesuittskolen i Puerto de Santa María i Cádiz. I 1900 reiste han til Madrid, i 1901 fekk han sitt litterære gjennombrot med Arias tristes. Under den spanske borgarkrigen oppheldt han seg mest i Amerika, der han feira store litterære triumfar, blant anna på Cuba. Frå 1951 budde han i Puerto Rico.

Jiménez blir rekna som ein viktig representant for den spanske modernismo, blant anna påverka av Rubén Darío og han blei sjølv viktig for ungre forfattarar som Federico García Lorca. Prosadiktet Platero y yo («Platero og eg») blir rekna som eit kunstnarleg høgdepunkt. Det handlar om venskapen mellom eg-forteljaren og eit lite esel, som i 138 miniatyrar fortel om livet i Andalucía før den første verdskrigen.

  • 1900 - Almas de violeta
  • 1900 - Ninfeas (dikt)
  • 1902 - Rimas (dikt)
  • 1903 - Arias Tristes
  • 1904 - Jardines Lejanos
  • 1905 - Pastorales
  • 1908 - Elegías puras
  • 1909 - Elegías Intermedias
  • 1909 - Olvidanzas: Las Hojas Verdes
  • 1910 - Elegías Lamentables
  • 1910 - Baladas de primavera
  • 1911 - Illustraciones Líricas
  • 1911 - La soledad sonora
  • 1911 - Poemas Mágicos Y Dolientes
  • 1912 - Melancolía (1910 - 1911)
  • 1913 - Laberinto (1910 - 1911)
  • 1916 - Estío (A Punta De Espina) (1915)
  • 1917 - Platero y yo
  • 1917 - Poesías Escogidas
  • 1917 - Sonetos espirituales
  • 1917 - Diario de un poeta recién casado
  • 1918 - Eternidades
  • 1919 - Piedra Y Cielo
  • 1922 - Segunda Antología Poética (1898 - 1918)
  • 1923 - Belleza En Verso
  • 1925 - Unidad (Ocho Cuadernos)
  • 1928 - Obra En Marcha
  • 1932 - Sucesión (Ocho Pliegos)
  • 1932 - Poesia En Prosa Y Verso (1902-1923)
  • 1934 - Presente (Veinte Cuadernos)
  • 1935 - I (Hojas Nuevas, Prosa Y Verso)
  • 1935 - La Estación Total
  • 1936 - Canción - Amor Y Poesia Cada Día
  • 1936 - Politica Poética
  • 1937 - Verso Y Prosa Para Ninos
  • 1937 - La Poesia Cubana (1936)
  • 1938 - Ciego Ante Ciegos
  • 1942 - Españoles De Tres Mundos
  • 1944 - Antología Poética
  • 1945 - Voces De Mi Copla
  • 1946 - El Zaratán
  • 1948 - Romances De Coral Gables (1939-1942)
  • 1949 - Animal de fondo
  • 1951 - Antología Para Ninos Adolescentes
  • 1953 - De Riós Que Se Van
  • 1957 - Tercera Antología Poética (1908-1953)
  • 1958 - Mis Páginas Mejores
  • 1959/1961 Libros De Poesia
  • 1961 - Por El Cristal Amarillo
  • 1961 - La Corriente Infinita

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. "for his lyrical poetry, which in Spanish language constitutes an example of high spirit and artistical purity".
  2. Nobeltildelinga 1952 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]