1958
Utsjånad
1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1958 (romartal MCMLVIII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 1. februar: Egypt og Syria gjekk saman som Den sameinte arabiske republikken med Gamal Nasser som president.
- 14. februar: Kongedøma Irak og Jordan gjekk saman i Den arabiske føderasjonen av Irak og Jordan med den irakiske kongen Faisal II som statsoverhovud.
- 27. mars: Nikita Khrusjtsjov blei førsteminister i Sovjetunionen.
Utan dato
[endre | endre wikiteksten]- Hæren i Algerie gjorde opprør og kravde at general Charles de Gaulle skulle ta makta i Frankrike. Det gjorde han, og Frankrike gjekk frå den fjerde til den femte republikken.
- Dei franske koloniane fekk valet mellom sjølvstende eller indre sjølvstyre i eit fransk fellesskap. Guinea valde sjølvstende.
- Den panafrikanske kongress vart stifta i Sør-Afrika av utbrytarar frå ANC.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 8. januar: 14 menneske omkom i ein brann om bord i hurtigruteskipet MS «Erling Jarl» som låg ved kai i Bodø.[1]
- 28. februar - 9. mars: Verdsmeisterskapen i ishockey gjekk av stabelen i Oslo.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1958.
- 15. januar: Boris Tadić, serbisk president
- 24. januar: Frank Ullrich, tysk skiskyttar
- 22. februar: Torill Fjeldstad, norsk skirennar
- 28. mars: Elisabeth Andreassen, svensk-norsk songar
- 30. mars: Per Erling Olsen, norsk spydkastar
- 1. april: Toni Innauer, austerriksk skihoppar
- 29. april: Arne Johannessen, norsk organisasjonsleiar
- 10. mai: Harri Kirvesniemi, finsk langrennar
- 16. mai: Stephen J. Walton, britisk språkvitar og forfattar
- 25. mai: Torill Kove, norsk-kanadisk filmskapar
- 26. mai: Arto Bryggare, finsk friidrettsutøvar og politikar
- 30. juli: Kate Bush, britisk songar og låtskrivar
- 16. august: Madonna, USA-amerikansk songar og låtskrivar
- 20. august: Marius Müller, norsk musikar
- 29. august: Michael Jackson, USA-amerikansk musikar og låtskrivar
- 23. oktober: Liv Signe Navarsete, norsk politikar
- 25. oktober: Kjell Inge Røkke, norsk forretningsmann
- 16. november: Anne Holt, norsk forfattar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1958.
- 28. mars: Truls Ørpen, norsk musikar
- 4. april: Jens Ferdinand Willumsen, dansk målar
- 1. mai: Oscar Torp, norsk statsminister
- 9. juli: Gabriel Scott, norsk forfattar
- 16. juli: Birger Eriksen, norsk soldat
- 26. august: Ralph Vaughan Williams, britisk toneskapar
- 16. september: Olav Oksvik, norsk politikar
- 9. oktober: Pave Pius XII
- 14. oktober: Douglas Mawson, australsk oppdagar
- 9. desember: Rudolf Rocker, tysk forfattar
- 15. desember: Wolfgang Pauli, austerriksk fysikar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>