Den spreidde skiva
Utsjånad
Den spreidde skiva er ein region i det ytre av solsystemet med ein populasjon av isete småplanetar. Den inste delen av skiva overlappar med Kuiperbeltet, men dei ytre grensene strekkjer seg mykje lengre ut frå sola og mykje høgare over ekliptikken.
Det er lite som til no er kjent om den spreidde skiva, men det er føreslått skiva vart forma då kuiperbelteobjekt vart spreidde av gravitasjonell påverknad frå dei ytre planetane; for det meste Neptun. Påverknadane gav objekta banar med høg eksentrisitet og stor helling.
Solsystemet |
---|
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris |
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen |
smålekamar: meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya) |
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet |