Bakverket horn

Horn er eit bakverk forma som ein halvmåne.[1][2]
Ein lager horn ved å kjevla ut og skjera deig til avlange trekantar. På kortsida (basen) legg ein eventuelt fyll, deretter blir trekanten rulla slik at fyllet kjem inst og spissen ytst. Vanlegvis bøyer ein òg til slutt på kantane på den ferdige rullen, slik at han får ei halvmåneform. Ein kan laga horn av ulike typar deig og med ulikt fyll, alt frå kveitedeg eller brøddeig til smør- eller mørdeig kan brukast. Horna blir vanlegvis pensla med egg og kan frå strø av sesamfrø, valmuefrø eller karve før steiking i omn.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Horn var truleg opphavleg eit tradisjonell klosterbakverk. I Fürstenbuch, som blei skriven av Jans Enikel rundt slutten av 1300-talet, står det at ved inntoget i Wien jula 1227 skal hertug Leopold VI av Austerrike ha fått «Chipfen» av bakarane i byen, ein av dei tidlegaste skriftlege omtalane av det ein seinare skulle kalla Kipferl. Vidare er «Kipfen» nemnt i dokument frå det medisinske fakultetet i Wien frå 1630, i eit patent frå 1652 og i eit keisarleg privilegium som gav bakaren Adam Spiegel rett til å selja «ayren khüpfelgebächt» i 1670.[4]
Det finst òg ein meir legendarisk prega variant av historia til hornet. Ei av dei mest populære sogene seier at det blei oppfunne etter omringinga av Wien av det osmanske riket i 1683. Tyrkarane planla å grava ein tunnel under bymuren for å kunna ta byen om natta. Bakarane, som vakna tidleg for arbeidet, slo alarm og angrepet blei avverja. For å feira sigeren blei det funne opp ein ny type bakverk med form som ein halvmåne, symbolet til det osmanske riket.[5][4] At hornet er omtalt i skrift før beleiringa fann stad, taler imot at denne varianten av soga er sann.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «giffel» i Nationalencyklopedin på nett.
- ↑ Svenska Akademiens ordböcker (SAOL, SO og SAOB) på Svenska.se: giffel
- ↑ Icas Rutiga kokboken, 1994. Vitja 13. juli 2014.
- ↑ 4,0 4,1 «Kipfel». bml.gv.at/ (på tysk). Bundesministerium für Land- und Forstwirtschaft, Regionen und Wasserwirtschaft. Henta 6. oktober 2024.
- ↑ Irene Krauß (22. august 2019). «Gut gewickelt − das Kipferl: Zur Kulturgeschichte eines Frühstücksgebäcks». Wissensforum Backwaren (på tyska). wissensforum-backwaren.de. Henta 6. oktober 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Giffel» frå Wikipedia på svensk, den 24. november 2024.