Abugida
Utsjånad
Ein abugida er eit skrivesystem bygd opp av teikn som står for ein konsonant med ein innebygd vokallyd. Ein abugida kan til dømes ha ein «ka» i staden for k. Desse teikna kan så omformast til å ha andre vokalar eller til ikkje å ha vokalar ved hjelp av diakritiske teikn.
Namnet abugida er på same måte som alfabet avleia av dei første teikna i eit skriftsystem, i dette tilfellet geez-skrift.