Vokal
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f0/Voyelles.jpg/170px-Voyelles.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c2/Harry_Belafonte_singing_1954.jpg/170px-Harry_Belafonte_singing_1954.jpg)
Ein vokal eller sjølvljod er ein fon (ein ljod) som vert laga med ein ubroten luftstraum gjennom munn, som til dømes dei siste ljodane i dei norske orda ni, ny, du, mo, be, bø, må, bæ og sa. Meir presist kan vokalen definerast slik:
- Luftstraumen slepp ut or munnen langs midten av tunga
- Luftstraumen er ikkje hindra av eit fullstendig lukke i munnen, eller av ei innsnevring som er så sterk at det oppstår høyrleg friksjon
- Den sterkaste innsnevringa finst mellom tungeryggen (dorsum) og munntaket
Nemninga vert òg nytta på bokstavar som står – eller stod – for vokalljod.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Litt forenkla er skilnaden mellom vokal og konsonant at ein vokal kan syngjast, medan ein konsonant ikkje kan syngjast. Ordet «vokal» kjem av det latinske vōcālis littera – «talande/syngjande bokstavar» – og har samanheng med uttrykket vokalist.
Ordet «sjølvljod» er etter mønster av det tyske Selbstlaut og spelar på at vokalen kan låta sjølv, medan konsonanten berre læt saman med ein vokal – og difor ikkje kan syngjast utan ein vokal attmed.
Artikulasjon
[endre | endre wikiteksten]Posisjonen til tunga og leppene avgjer kva slags kvalitet eller klangfarge ein vokal får. Tungeryggen kan vera høgt oppe eller lågt nede, framme eller bak i munnen. Leppene kan vere runda eller spreidde.
Vokalfirkanten
[endre | endre wikiteksten]Posisjonen til tungeryggen varierer i eit todimensjonalt «vokalrom» som blir kalla vokalfirkanten, med ein vertikal og ein horisontal dimensjon. Ein tek gjerne utgangspunkt i eit tenkt - og noko kontroversielt - "høgaste punkt" på tungeryggen:
Fremre vokalar | Vokalfirkanten | Bakre vokalar |
---|---|---|
![]() |
![]() |
![]() |
Den vertikale dimensjonen
[endre | endre wikiteksten]Ytterpunkta i den vertikale dimensjonen er trong (engelsk close) og open (engelsk open):
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så høgt oppe som ved vokalane [i] og [u], er han trong |
||
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt nede som ved vokalane [a] og [ɑ], er han open |
Den horisontale dimensjonen
[endre | endre wikiteksten]Ytterpunkta i den horisontale dimensjonen er fremre (engelsk front) og bakre (engelsk back):
Når ein vokal vert uttala med tungeryggenså langt framme som ved vokalane [i] og [a], er han fremre |
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt bak som ved vokalane [u] og [ɑ], er han bakre |
Mellomstadium
[endre | endre wikiteksten]Trong og open blir kalla opningsgradar, og mellom desse to ytterpunkta har vi vokalar som er trong-midtre (engelsk close-mid) og open-midtre (engelsk open-mid), på det viset at avstanden frå trong til trong-midtre er lik avstanden frå trong-midtre til open-midtre, som er lik avstanden frå open-midtre til open.
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så høgt oppe som ved vokalane [i] og [u], er han trong |
||
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så høgt oppe som ved vokalane [e] og [o], er han trong-midtre |
||
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så høgt oppe som ved vokalane [ɛ] og [ɔ], er han open-midtre |
||
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt nede som ved vokalane [a] og [ɑ], er han open |
Langs den horisontale dimensjonen har vi midt mellom fremre og bakre ein tungeposisjon sentral (engelsk central). Dette er illustrert i dei to tabellane under med tre tronge, urunda vokalar og tre trong-midtre, runda vokalar:
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt framme som ved vokalen [i], er han fremre |
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen midt imellom fremre og bakre som ved vokalen [ɨ], er han sentral |
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt bak som ved vokalane [ɯ], er han bakre |
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt framme som ved vokalen [ø], er han fremre |
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen midt imellom fremre og bakre som ved vokalen [ɵ], er han sentral |
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt bak som ved vokalane [o], er han bakre |
Leppestilling, ein tredje dimensjon
[endre | endre wikiteksten]![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/aa/DE_vowels_lips.svg/220px-DE_vowels_lips.svg.png)
Leppestillinga ved vokalane utgjer ein tredje dimensjon attåt den horisontale og den vertikale leppestillinga.
- Når ein vokal vert uttala med leppene i same stillinga som ved vokalane [i], [e] og [a], er han urunda
- Når ein vokal vert uttala med leppene i same stillinga som ved vokalane [o] og [u], er han runda
Denne skilnaden i leppestillinga er illustrert visuelt på teikninga til høgre.
På alle punkt i vokalfirkanten kan vi uttale både ein urunda og ein runda vokal. Her er nokre døme:
Den urunda vokalen [i] | Den runda vokalen [y] |
Den urunda vokalen [e] | Den runda vokalen [ø] |
Den urunda vokalen [ɯ] | Den runda vokalen [u] |
Den urunda vokalen [ɤ] | Den runda vokalen [o] |
Andre vokaleigenskapar
[endre | endre wikiteksten]Vokalen kan òg vera variere langs dimensjonane nasalitet og kvantitet.