Vasslangen
Utsjånad
Vasslangen | |
---|---|
Latinsk namn | Hydra |
Forkorting | Hya |
Genitivsform | Hydrae |
Symbologi | Tilbake til Babylon |
Rektasensjon | 11 h |
Deklinasjon | −20° |
Areal | 1303 kvadratgrader nr. 1 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
2 |
Sterkaste stjerne | Alphard (α Hya) (1,98. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +54° og −83° | |
Vasslangen (frå latin Hydra) er eit stjernebilde hovudsakleg på den sørlege himmelhalvkula, nokre stjerner er rett nord for himmelekvator. Vasslangen er det største av dei 88 moderne stjernebileta og måler 1303 kvadratgrader. Det er òg eit av dei lengste på over 100 grader, og sørenden grensar til Vekta og Kentauren og nordenden til Krepsen.[1] Det har ei lang historie og er eit av dei 48 stjernebileta som astronomen Klaudios Ptolemaios skreiv ned på 100-talet.
Kjende objekt
[endre | endre wikiteksten]Stjerner
[endre | endre wikiteksten]Vasslangen strekkjer seg over ein fjerdedel av stjernehimmelen, men inneheld ingen særskild sterke stjerner.
- α - Alphard (Alfa Hydrae) er ei oransje kjempestjerne med spektralklasse K3 II-III og storleiksklasse 1,97.
- γ - Gamma Hydrae re nest mest lyssterk med magnitude 2,99. Ho er ei gul kjempe av spektralklasse G8 III
- ζ - Zeta Hydrae er ei gul kjempestjerne av spektralklasse G9 II og magnitude 3,10.
- β - Beta Hydrae er ikkje blant dei fem mest lyssterke stjernene, trass i Bayernemninga og har magnitude 4,28.
- σ - Sigma Hydrae (Minchir) er ei oransje kjeme av spektralklasse K1 III og magnitude 4,44.
- ε - Epsilon Hydrae er ei dobbeltstjerne med samla magnitude 3,38.
- ν - Ny Hydrae er ei oransje kjempe med magnitud 3,12.
- π - Pi Hydrae er ei oransje stjerne på veg til å bli ei kjempe, med spektralklasse K1 III-IV og magnitude 3,25.
- δ - Delta Hydrae er ei dobbeltstjerne med magnitude 4,14.
- W Hydrae er ei aldrande, raud kjempe med magnitude 7,7 som ligg 300 lysår unna. I 2014 oppdaga svenske forskarar det til no tydelgaste teiknet på vassdamp i tette skyer nær stjerna.[2]
Djupromsobjekt
[endre | endre wikiteksten]Stjernebilete har tre Messierobjekt og mange andre objekt av interesse.
- Messier 48 (NGC 2548) er ein open stjernehop med magnitude 5,8, som er 300 millionar år gammal.
- Messier 68 (NGC 4590) er ein kulehop på 33 600 lysår unna med magnitude 9,67.
- NGC 5694 (Caldwell 66) er ein av dei eldste kulehopane ein kjenner til i Mjølkevegen. Han har magnitude 10,2.
- Messier 83 (NGC 5236) er ei av dei nærmaste spiralgalaksane på stjernehimmelen. Ho ligg ein avstand på 14,7 millionar lysår og har magnitude 7,54. Ein har observert seks supernovaer i galaksen det siste hundreåret: SN 1923A, SN 1945B, SN 1950B, SN 1957D, SN 1968L og SN 1983N.
- NGC 3054 og NGC 3314 er spiralgalaksar.
- NGC 3621 er ein spiralgalakse med magnitude 10,0.
- NGC 3923 er ein elliptisk galakse.
- NGC 4980, NGC 5078 og ESO 510-G13 er spiralgalaksar.
- NGC 3242 (Caldwell 59) er ei planetarisk tåke med magnitude 8,60. Ho vert stundom kalla «Jupitergjenferdet» fordi ho liknar på planeten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hydra (constellation)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ridpath & Tirion 2001, s. 158–160.
- ↑ http://www.chalmers.se/sv/centrum/oso/nyheter/sidor/apex-sepia-alma-band-5-vatten-rymden.aspx Nyheter från Chalmers