Oktanten
Oktanten | |
---|---|
Latinsk namn | Octans |
Forkorting | Oct |
Genitivsform | Octantis |
Symbologi | Namngitt av la Caille |
Rektasensjon | 22 h |
Deklinasjon | −90° |
Areal | 291 kvadratgrader nr. 50 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | Ny Octans (ν Oct) ((variabel) 3,74. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +0° og −90° | |
Sirkumpolar |
Oktanten (frå latin Octans) er eit stjernebilde rundt sørpolen på himmelkvelvinga. Stjernebildet er oppkalla etter måleinstrumentet oktant. Stjernebiletet vart konstruert av Nicolas Louis de Lacaille på 1700-talet.
Oktanten er kjend for at den sørlege himmelpolen ligg her. I motsetnad til nordpolen, har ikkje det sørlege polpunktet ei lyssterk stjerne. Sigma Octantis (σ Oct) er den stjerna ein kan sjå med det nakne auga som ligg nærast polen, og ho ligg særs nær, men er så lyssvak (5,45) at ho ikkje kan nyttast innan navigasjon. I staden har navigatørar nytta stjernebiletet Sørkrossen, som peikar mot polen.
Stjernebiletet er berre synleg på den sørlege halvkula.
Stjerner
[endre | endre wikiteksten]Oktanten er eit særs lyssvakt stjernebilete og den mest lyssterke stjerna, Ny Octantis, har storleiksklasse 3,8. Sigma Octantis, den særlege polarstjerna, har storleiksklasse 5,4 og ligg kring ein grad under sørpolen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Octans» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2016.
- Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2007), Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 978-0-691-13556-4
- Staal, Julius D.W. (1988), The New Patterns in the Sky: Myths and Legends of the Stars, The McDonald and Woodward Publishing Company, ISBN 0-939923-04-1
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- The Deep Photographic Guide to the Constellations: Octans[daud lenkje]
- Starry Night Photography : Octans
- Star Tales – Octans
- Oktanten på Constellation Guide