Meteorsverm
Utsjånad
Ein meteorsverm eller meteorstorm er ei astronomisk hending der eit stort tal meteorar er synlege i løpet av svært kort tid. Desse meteorane er små fragmentar av kosmisk støv som kjem inn i atmosfæren til jorda i svært stor fart. Dette gjer at det vises eit lysglimt på himmelen. Dei fleste meteorane er mindre enn eit sandkorn. Det tyder at dei aller fleste brenn opp før dei når jorda. Dei som når jorda blir kalla meteorittar.