Songbird av Fleetwood Mac
Songbird Song av Fleetwood Mac frå albumet Rumours | ||
Utgjeve | Februar 1977 | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:20 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Komponist | Christine McVie | |
Tekstforfattar | Christine McVie | |
Låtskrivar(ar) | Christine McVie | |
---|---|---|
Produsent | Fleetwood Mac, Ken Caillat, Richard Dashut |
«Songbird» er ein song av Fleetwood Mac frå albumet Rumours frå 1977. Han vart òg gjeven ut som B-sida til singelen «Dreams». Songen er ein av fire songar som er skrivne av Christine McVie aleine på albumet. Ho song ofte songen på konsertane til bandet.
Eva Cassidy-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Eva Cassidy gav ut ein versjon av songen i 1998 på ei posthum samleplate med namnet Songbird. Trass i at plata kom ut to år etter ho døydde av melanom, nådde albumet til slutt førsteplassen på den britiske albumlista i 2001.[1] «Songbird» gjekk inn på den britiske singellista i september 2009 med ein 56. plass og han vart ofte sungen i musikkonkurransen The X Factor.
Willie Nelson-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Songbird av Willie Nelson frå albumet Songbird | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. september 2006 | |
Lengd | 2:39 | |
Selskap | Lost Highway Records | |
Komponist | Christine McVie | |
Tekstforfattar | Christine McVie | |
Låtskrivar(ar) | Christine McVie | |
---|---|---|
Produsent | Ryan Adams |
Willie Nelson spelte inn «Songbird» i 2006 for albumet Songbird, som vart det andre albumet som er kalla opp etter songen. Albumet nådde 87. plassen på Billboard 200 i USA.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Gitaristen John Frusciante framførte songen på turneen til Red Hot Chili Peppers i 2006-2007.
Ronan Parke spelte inn «Songbird» i 2011 for debutalbumet Ronan Parke.
Stan Walker gav ut songen i 2011 på albumet Let The Music Play.
Naya Rivera framførte «Songbird» i ein episode av fjernsynsserien Glee.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Songbird (Fleetwood Mac)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Official UK Album Chart Top 75 Arkivert 2012-10-11 ved Wayback Machine., 25. august 2001. Henta 31. juli 2015.