I'm So Afraid
I'm So Afraid Singel av Fleetwood Mac frå albumet Fleetwood Mac | ||
A-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | September 1975 (USA) / Februar 1976 (UK) | |
Innspelt | Februar 1975 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 4:22 | |
Selskap | Reprise | |
Låtskrivar(ar) | Lindsey Buckingham | |
Produsent | Fleetwood Mac, Keith Olsen | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
«Warm Ways» (1975) |
I'm So Afraid | «Rhiannon» (1976)
|
«I'm So Afraid» er ein song skriven av Lindsey Buckingham for det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac på det tiande albumet deira, Fleetwood Mac.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Songen er den siste på albumet og vart gjeven ut som B-side til songen «Over My Head». Det var ein hardrocksong, ganske atypisk for ein Fleetwood Mac-song (i det minste etter Peter Green-tida), men vart raskt eit fast nummer på konsertane deira, og vart spelt som siste songen på nesten alle turnane deira, ofte i ein mykje lengre versjon. Han finst på alle konsertalbuma til bandet etter han kom ut og den lengste versjonen (på albumet Fleetwood Mac: Live in Boston) klokkar inn på 9:39. Konsertutgåva frå The Dance vart gjeven ut i redigert form i USA og i 2009 på samlealbumet The Very Best of Fleetwood Mac.
Buckingham spelte òg songen på solokonsertane sine, og gav songen ut på to konsertalbum som soloartist, Live at the Bass Performance Hall, Songs from the Small Machine: Live in L.A. og One Man Show. Songen omhandlar frykt og paranoia.
Struktur
[endre | endre wikiteksten]Studioversjonen er spelt inn i g-moll, medan konsertversjonane vanlegvis er i f-moll.[1] På nyare turnear har songen blitt spelt i d-moll.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Mick Fleetwood - trommer
- John McVie - bassgitar
- Christine McVie - orgel
- Lindsey Buckingham - elektrisk gitar, akustisk gitar, solovokal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I'm So Afraid» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Stephenson, Ken (2002). What to Listen for in Rock: A Stylistic Analysis, p.89. ISBN 978-0-300-09239-4.