Landslide av Fleetwood Mac
Landslide Song av Fleetwood Mac frå albumet Fleetwood Mac | ||
Innspelt | 1975 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 3:19 | |
Selskap | Reprise Records | |
Komponist | Stevie Nicks | |
Tekstforfattar | Stevie Nicks | |
Låtskrivar(ar) | Stevie Nicks | |
---|---|---|
Produsent | Fleetwood Mac, Keith Olsen |
«Landslide» er ein song skriven av Stevie Nicks og framført av den britisk-amerikanske gruppa Fleetwood Mac. Han vart først gjeven ut på albumet Fleetwood Mac. Denne songen og «Rhiannon» var dei første songane Nicks skreiv for bandet etter ho kom med. Ein konsertversjon vart gjeven ut som singel 23 år seinare frå konsertalbumet The Dance. Denne versjonen nådde 51. plassen på Billboard Hot 100-lista og 10. plassen på Adult Contemporary-lista. «Landslide» selde til gullplate i oktober 2009 for 500 000 eksemplar i USA.
Stevie Nicks-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Det finst sju forskjellige versjonar tilgjengeleg med Nicks på vokal:
- Fleetwood Mac (1975). Den originale innspelinga som òg finst på samlealbuma 25 Years – The Chain (1992) og The Very Best of Fleetwood Mac (2002).
- Live (1980). Konsertopptak frå London, 27. juni 1980, på Wembley Arena under Tusk-turneen.
- The Dance (1997). Konsertopptak gjeven ut som maxi-singel, med tre remiksar av den originale innspelinga frå 1975.
- VH1 Divas Las Vegas (2002). Framført med Dixie Chicks.
- Live in Boston (2004)
- Crystal Visions – The Very Best of Stevie Nicks (2007). Framført med Melbourne Symphony Orchestra.
- The Soundstage Sessions (2009). Konsertopptak i Chicago for PBS-programmet Soundstage. Ei alternativ framføring frå denne hendinga er med på DVDen Live in Chicago.
Songen er ein av dei Fleetwood Mac har spelt oftast på turneane sine. Nicks har sunge songen på alle turneane ho har hatt med Fleetwood Mac sidan ho kom med i bandet, utanom Shake the Cage-turneen.[1]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Stevie Nicks – solovokal
- Lindsey Buckingham – gitar
- Christine McVie – klaverinstrument — på konsertframføringa mellom 1975–1982
- Waddy Wachtel – gitar — på soloturneane til Nicks
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]The Smashing Pumpkins
[endre | endre wikiteksten]Det alternative rockebandet The Smashing Pumpkins spelte inn ein akustisk versjon av songen, gjeven ut som B-side til singelen «Disarm» i 1994 og seinare på B-sidesamlinga Pisces Iscariot. Versjonen vart ein av dei best likte songane til bandet, og vart òg godkjend av Nicks sjølv. Ho fortalte i 1998: «Det finst ikkje noko som er meir tiltalande for ein låtskrivar enn når nokon andre spelar inn songane dine. ['Landslide'] gjorde òg at eg vart vener med Billy [Corgan] og opna høvet for at me kan arbeide i lag. Over denne songen har det blitt eit fantastisk band mellom oss... han strekte seg ut... eg trur at poesien min verkeleg er meint for alle, uansett alder.» Versjonen vart ein hitt og nådde topp tre på Modern Rock Tracks-lista i USA det året og 30. plass på U.S. Airplay-lista. Songen finst òg på den amerikanske versjonen av samlealbumet deira, Rotten Apples.
Liste (1994) | Plassering |
---|---|
Canadian RPM Top Singlar | 47 |
U.S. Billboard Hot 100 Airplay | 30 |
U.S. Billboard Modern Rock Tracks | 3 |
Dixie Chicks
[endre | endre wikiteksten]Landslide Singel av Dixie Chicks frå albumet Home | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. september 2002 | |
Innspelt | 2001–2002 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 3:50 | |
Selskap | Columbia Nashville | |
Komponist | Stevie Nicks | |
Tekstforfattar | Stevie Nicks | |
Låtskrivar(ar) | Stevie Nicks | |
---|---|---|
Produsent | Dixie Chicks, Lloyd Maines | |
Dixie Chicks-kronologi | ||
«Long Time Gone» (2002) |
Landslide | «Travelin' Soldier» (2002)
|
Countrygruppa Dixie Chicks spelte inn «Landslide» i 2002 for albumet Home. Denne utgåva nådde topp 10 på både Billboard Hot 100 (7. plass) og Hot Country Songs-lista (2. plass) i tillegg til fleire andre lister. Han vart den einaste songen til Dixie Chicks som nådde toppen av Adult Contemporary-lista.
Liste (2002–2003) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[2] | 6 |
Canada (Nielsen SoundScan) | 2 |
New Zealand (RIANZ)[3] | 27 |
UK Singles (The Official Charts Company) | 55 |
US Billboard Hot 100[4] | 7 |
US Pop Songs (Billboard)[5] | 13 |
US Country Songs (Billboard)[6] | 2 |
US Adult Pop Songs (Billboard)[7] | 2 |
US Adult Contemporary (Billboard)[8] | 1 |
Årslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (2002) | Plassering |
---|---|
US Country Songs (Billboard)[9] | 48 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Antony Hegarty spelte songen for albumet A Tribute to Fleetwood Mac
- Bush (The Sea of Memories, 2011). Bonusspor på luksusutgåva av albumet.
- John Frusciante (The Viper Room, 1997)
- Sin Fang ("Landslide"/"The Only Living Boy in New York", 2010)
- Tori Amos
- Gavin Rossdale
- Miley Cyrus spelte songen på Gypsy Heart- og Bangerz-turneen.
- Greyson Chance spelte songen for Awesomeness TV i 2012
- Paramore spelte songen på konserten Fueled by Ramen og sidan på turneane sine.
- Jimmy Wong spelte songen for YouTube.
- Boyce Avenue spelte songen for YouTube.
- Venice (Spin Art, 1999 og 2 Meter Sessies, 2000)
- Avenue D (band) spelte inn songen i 2007 for albumet D Sides
- Lady Antebellum, Kacey Musgraves og Kip Moore spelte songen på ein konsert ved Citizens Bank Arena i Ontario i Canada 15. mars 2014
Songen er framført mange gonger på diverse songkonkurransar på TV.
I andre media
[endre | endre wikiteksten]- Den originale songen frå 1975 er spelbar i musikkvideospelet Rock Band 3.
- Den originale songen vart nytta mot slutten av South Park-episodane «You're Getting Old» og «Ass Burgers».
- Finst på ein kassett i romanen The Perks of Being a Wallflower.
- Slutten av ein episode av Cold Case kalla «Fireflies», medan The Smashing Pumpkins-versjonen vart spelt i slutten av episoden «Detention».
- The Smashing Pumpkins-versjonen av songen vart nytta i serien Alias i episoden Page 47.
- Konsertopptaket frå The Dance vert nytta i filmen Jack Frost. Denne er òg å høyre i Jersey Girl frå 2004.
- Han er nemnt av rollefiguren til John Cusack i High Fidelity.
- Framført av Mark Duplass sin rollefigur i sesong 1, episode 6 av The Mindy Project.
- Originalversjonen er nytta i ein reklamefilm for Budweiser i 2013.
- Parodiert av Lucy Lawless (som Stevie Nicks) i Saturday Night Live.[10]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Landslide (Fleetwood Mac song)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Past Tour Pages, The Fleetwood Mac Legacy
- ↑ "Australian-charts.com – Dixie Chicks – Landslide". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
- ↑ "Charts.org.nz – Dixie Chicks – Landslide". Top 40 Singles. Hung Medien.
- ↑ "Chicks?f=379&g=Singles Dixie Chicks Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Dixie Chicks. Prometheus Global Media.
- ↑ "Chicks?f=381&g=Singles Dixie Chicks Album & Song Chart History" Billboard Pop Songs for Dixie Chicks. Prometheus Global Media.
- ↑ "Chicks?f=357&g=Singles Dixie Chicks Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Dixie Chicks. Prometheus Global Media.
- ↑ "Chicks?f=343&g=Singles Dixie Chicks Album & Song Chart History" Billboard Adult Pop Songs for Dixie Chicks. Prometheus Global Media.
- ↑ "Chicks?f=341&g=Singles Dixie Chicks Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Dixie Chicks. Prometheus Global Media.
- ↑ «Best of 2002: Country Songs». Billboard. Prometheus Global Media. 2002. Henta 13. august 2012.
- ↑ http://snltranscripts.jt.org/98/98c.phtml
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1975
- Singlar frå 1994
- Singlar frå 2002
- Fleetwood Mac-songar
- Songar skrivne av Stevie Nicks
- Reprise Records-singlar
- Columbia Records-singlar
- Rockeballadar
- The Smashing Pumpkins-songar
- Songar produserte av Billy Corgan
- Songar produserte av Keith Olsen
- Dixie Chicks-songar
- Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers