Sjeldne jordartar
Sjeldne jordartar, ofte forkorta REE av det engelske rare earth elements, er eit samleomgrep for inntil 17 ulike grunnstoff og vert nokre gonger òg nytta om minerala dei dannar.[1][2] Særleg omfattast grunnstoffa 21 scandium, 39 yttrium og lantanoidane: 57 lantan til 71 lutetium. Sjeldne jordartar er svært kompatible med bergartsdannande mineral, og iona deira er derfor nokre av dei siste som krystalliserer i residualsmelten. Då dei samstundes er radioaktive, vil denne fraksjoneringa skape lokal oppvarming. Stoffa vert nytta i produksjonen av bilar og fleire forbruksvarer.
Folkerepublikken Kina stod i 2011 for inntil 97 prosent av verdsproduksjonen av fleire av dei sjeldne jordartane, men det er samstundes store reservar av slike råstoff i Noreg. I 2010 innførte den kinesiske regjeringa eksportrestriksjonar og utførselen av sjeldne jordartar fall med 40 prosent. Dette medførte ein tidobling av prisane på verdsmarknaden frå 2009 til 2010, og er truleg motivert i kinesisk ønske om å tiltrekke seg industriproduksjon som er avhengig av desse råvarene.[2] Året etter avga WTO ein foreløpig dom om at det kinesiske eksportrestriksjonen braut med pliktene til landet som WTO-medlem, etter klagemål frå USA, EU og Mexico. I 2012 gjekk òg Japan med i ei formell stemning av Kina for WTO, som midt i mars fekk ein seksti dagars frist til å imøtegå skuldingane.
På månen inngår dei sjeldne jordarane i KREEP, som er eit akronym for bestanddelane K, REE og P.
Liste over sjeldne jordarar
[endre | endre wikiteksten]Atomnummer | Namn | Etymologi |
---|---|---|
21 | Scandium | latin Scandia; Skandinavia |
39 | Yttrium | etter Ytterby gruve i Sverige |
57 | Lantan | gresk lanthanon; «eg er gøymd» |
58 | Cerium | etter den romerske fruktbarhetsgudinna Ceres |
59 | Praseodymium | gresk praso; «porregrøn» tvilling |
60 | Neodymium | gresk neo; «ny» tvilling |
61 | Promethium | etter Prometheus som gav menneska elda i gåve |
62 | Samarium | Vasilij Samarskij-Bykhovets oppdaga den sjeldne jordartsmalmen samarskit. |
63 | Europium | Demarcay isolerte grunnstoffet og oppkalla det etter Europa |
64 | Gadolinium | etter Johan Gadolin (1760-1852) fordi han undersøkte sjeldne jordartar |
65 | Terbium | etter Ytterby gruve i Sverige |
66 | Dysprosium | gresk dysprositos; «vanskeleg å få tak i» |
67 | Holmium | latinsk Holmia; Stockholm. |
68 | Erbium | etter Ytterby gruve i Sverige |
69 | Thulium | etter det mytiske landet Thule. |
70 | Ytterbium | etter Ytterby gruve i Sverige |
71 | Lutetium | latinsk Lutetia, det romerske namnet på Paris. |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sjeldne jordarter» frå Wikipedia på bokmål, den 8. august 2014.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Redigert av N.G. Connelly og T. Damhus (med R.M. Hartshorn og A.T. Hutton), red. (2005). Nomenclature of Inorganic Chemistry: IUPAC Recommendations 2005 (PDF). Cambridge: RSC Publ. ISBN 0-85404-438-8. Arkivert frå originalen (PDF) 27. mai 2008. Henta 8. august 2014.
- ↑ 2,0 2,1 «Norge kan tjene på konflikt» – Aftenposten 15. mars 2012, side 6.