Ytterby gruve
59°25′36.318″N 18°21′13.597″E / 59.42675500°N 18.35377694°E
Ytterby gruve ligg på Resarö i Vaxholm kommune utanfor Stockholm i Sverige. På slutten av 1700-talet vart det funne ei rekkje uvanlege og ukjende mineral i steinar frå gruva, og i desse minerala oppdaga forskarane ikkje mindre enn sju grunnstoff:
Sverige generelt, og Ytterby gruve spesielt, har spelt ei viktig rolle i oppdaginga av ulike sjeldne jordarts-element. Namnsettinga av grunnstoffa vart òg prega av funnstaden, t.d. gadolinium (oppkalla etter professor Johan Gadolin), holmium (frå det Latinske namnet for Stockholm), scandium, thulium (Thule = dei nordiske landa) og, naturlegvis, ytterbium, erbium, terbium og yttrium, som alle har vorte kalla opp etter sjølve Ytterby gruve.
I 1989 vart gruva registrert som eit historisk minnesmerke av det amerikanske selskapet for material, ASM (American Society for Materials). Eit gruvemuseum finst på øya.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ytterby gruve» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Blom, Carl-Hugo (18. juni 2006). «Ytterby gruva» (på svensk). Stockholms läns hembygdsförbund. Arkivert frå originalen 12. februar 2007. Henta 2. februar 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Film om Ytterby gruve - periodicvideos.com
- Oppdagarhistorie og etymologi for grunnstoffa frå Ytterby