Shropshire
Shropshire | |||
grevskap | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Vest-Midlands | ||
Areal | 3 487 km² | ||
Folketal | 454 900 (2008) | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt grevskap og sameinte styresmakter | ||
Shropshire 52°37′00″N 2°43′00″W / 52.616666666667°N 2.7166666666667°W | |||
Kart som viser Shropshire.
| |||
Wikimedia Commons: Shropshire |
Shropshire (alternativt kalla Salop og forkorta Shrops) er eit grevskap i Vest-Midlands i England. Det grensar til Wales i vest. Shropshire er eit av dei mest landlege og mest folketynne områda i England med ein folketettleik på kring 91 per kvadratkilometer.[1]. Distrikta i grevskapet vart erstatta av to sameinte styresmakter i 2009. Telford and Wrekin, vert rekna som ein del av Shropshire for seremonielle årsaker, og har vore ei sameint styresmakt sidan 1998.[2]
Grevskapet ligg rundt seks byar med den tidlegare administrasjonsstaden Shrewsbury, som er både kulturelt og historisk viktig,[3] sjølv om Telford, som vart bygd rundt fleire eldre byarn som Wellington, Dawley og Madeley, i dag er den mest folkerike.[4] Dei andre byane er Oswestry i nordvest, Newport i aust, Bridgnorth i søraust og Ludlow i sør. Whitchurch og Market Drayton i nord er òg to byar.
Ironbridge Gorge-området vert ofte kalla «industrien sin fødestad»[5] og er ein verdsarvstad som omfattar Ironbridge, Coalbrookdale og delar av Madeley.[6] Det finst i tillegg historiske industristader rundt om i grevskapet som Broseley, Snailbeach og Highley samt Shropshire Union Canal.[7]
Shropshire Hills Area of Outstanding Natural Beauty dekkjer om lag ein fjerdedel av grevskapet, hovudsakleg i sør.[8] The Wrekin er eit av dei mest kjende naturlege landemerka i grevskapet,[9], men dei høgaste åsane er Clee Hills,[10] Stiperstones[11] og Long Mynd.[12] Wenlock Edge er eit anna geografisk landemerke,[13] og elva Severn, den lengste elvar i Storbritannia, renn gjennom grevskapet.. Shropshire har eit areal på 3 197 km²,[1] og er det største grevskapet i England som ikkje grensar til havet.[14]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shropshire» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 http://www.shropshire.gov.uk/factsfigures.nsf/viewAttachments/SSER-7U2EJQ/$file/m03-005-key-facts-about-Shropshire.pdf
- ↑ http://webarchive.nationalarchives.gov.uk/20031221093252/http://www.statistics.gov.uk/geography/downloads/UK_LADUACty.pdf statics.gov website
- ↑ Shrewsbury - Tourist Information & Accommodation for Shrewsbury, Shropshire, arkivert frå originalen 15. mars 2008, henta 28. november 2009
- ↑ Wrexham & Shropshire: Telford, arkivert frå originalen 17. oktober 2007, henta 28. november 2009
- ↑ Raven, Michael (1989). A Shropshire Gazeteer. s. 197. ISBN 0-906114-13-6.
- ↑ http://whc.unesco.org/en/list/371 Ironbridge på UNESCO World Heritage website
- ↑ BBC - Shropshire - Features - Industrial Archeology
- ↑ Shropshire Hills AONB
- ↑ shropshirerocks.org: The Wrekin & The Ercall
- ↑ shropshirerocks.org: Brown Clee Hill
- ↑ shropshirerocks.org: The Stiperstones
- ↑ shropshirerocks.org: The Long Mynd
- ↑ shropshirerocks.org: Wenlock Edge
- ↑ Shropshire Council