South Yorkshire
South Yorkshire | |||
grevskap | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Yorkshire and the Humber | ||
Areal | 1 552 km² | ||
Folketal | 1 299 400 (2007) | ||
Grunnlagd | 1974 | ||
Status | Seremonielt og metropolitansk grevskap | ||
South Yorkshire 53°30′00″N 1°20′00″W / 53.5°N 1.3333333333333°W | |||
Kart som viser South Yorkshire.
| |||
Wikimedia Commons: South Yorkshire |
South Yorkshire er eit metropolitansk grevskap i Yorkshire and the Humber i England. Det har kring 1,3 millionar innbyggjarar og består av fire bykommunar: Barnsley, Doncaster, Rotherham og Sheffield. South Yorkshire vart skipa 1. april 1974.[1]
Det ligg på austsida av Penninane og har ikkje kystlinje. Det grensar til Derbyshire i sørvest, West Yorkshire i nordvest, North Yorkshire i nord, East Riding of Yorkshire i nordaust, Lincolnshire i aust og Nottinghamshire i søraust. Sheffield storbyområde er det sjette største storbyområdet i England og dominerer den vestlege halvdelen av South Yorkshire med over halvparten av innbyggjarane.
South Yorkshire grevskapsråd vart nedlagt i 1986 og distrikta er i dag i røynda sameinte styresmakter.
South Yorkshire vart skapt av 32 tidlegare lokale distrikt som låg i Derbyshire, Nottinghamshire, West Riding of Yorkshire og fire sjølvstendige bykommunar.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2022-01-14 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «South Yorkshire» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Arnold-Baker, C., Local Government Act 1972, (1973)