Marijampolė
Marijampolė | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Etnografisk region Fylke |
Litauen Sudovia Marijampolė fylke | ||||
Først nemnd Byrettar |
1667 1792 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 21 km² | ||||
Flatevidd - By |
205,07 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
47 244 230/km² | ||||
Koordinatar | 54°34′N 23°21′E / 54.567°N 23.350°E | ||||
Høgd over havet | 86 m | ||||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: http://www.marijampole.lt/ | |||||
Nettstad: www.marijampole.lt | |||||
Plassering | |||||
Marijampolė er ein industriby og den sjuande største i Litauen med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg sør i landet ved Vištytissjøen og nær grensa til Polen og Kaliningrad oblast i Russland. Han er det litauiske senteret i regionen Sūduva. Byen er kalla opp etter Jomfru Maria.
Frå 1955 til 1989, medan byen var ein del av Sovjetunionen, vart han kalla Kapsukas, etter Vincas Kapsukas, grunnleggaren av det litauiske kommunistpariet. Det gamle namnet vart gjeve tilbake då Litauen fekk tilbake sjølvstendet sitt.
Elva Šešupė deler byen i to delar som er forbunde via seks bruer.
Jernbanelinja Kaunas-Šestokai-Alytus går gjennom Marijampolė og avstanden til Vilnius er 139 km, medan hamnebyen Klaipėda ligg 231 km unna. Grensa til Polen ligg berre 38 km mot sør. Marijampolė ligg ved fleire viktige hovudvegar. Når Via Baltica står ferdig vil han gå frå Helsingfors og gjennom byen til Sentral- og Sør-Europa. Europeveg 28 går frå Kaliningrad til Minsk via Marijampolė .
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Marijampolė» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2008.