Lime
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå sopelime.
Lime | |
Lime | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Sapindales |
Familie: | Rutaceae |
Underfamilie: | Aurantioideae |
Stamme: | Citreae |
Slekt: | Sitrusfrukt Citrus |
Art: | Lime C. ×aurantifolia |
Vitskapleg namn | |
Citrus ×aurantifolia |
Lime (uttala [lajm]) eller limett (Citrus aurantifolia) er ei rund sitrusfrukt med gulgrønt skal.
Planten
[endre | endre wikiteksten]Limett-treet kan bli opptil 5 meter høgt og får små kvite blomar som dei grøne limettfruktene utviklar seg frå. Fruktene har ein diameter på rundt 5 centimeter.
Bruk av limett
[endre | endre wikiteksten]Frukta inneheld mykje C-vitamin. Ho har ein skarp syrleg smak som gjer seg godt i dressingar og andre tilleggsrettar. Limett kan syltast, smaksetta alkoholdrikkar som tequila, øl, margarita, mojito og Cuba libre eller pressast til utvatna jus.
Limett blir òg brukt i parfyme, aromaterapiprodukt og hudpleieprodukt.