Konya
Konya | |||
by | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Sentral-Anatolia | ||
Provins | Konya | ||
Høgd | 1 200 moh. | ||
Koordinatar | 37°52′N 32°29′E / 37.867°N 32.483°E | ||
Areal | 39 000 km² | ||
Folketal | 1 073 791 [1] | ||
Folketettleik | 28 / km² | ||
Borgarmeister | Tahir Akyürek | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 42XXX | ||
Retningsnummer | (+90) 332 | ||
Konya 37°52′22″N 32°29′32″E / 37.872769444444°N 32.492138888889°E | |||
Kart som viser Konya.
| |||
Wikimedia Commons: Konya | |||
Nettstad: www.konya.bel.tr |
Konya (eller Koniah, Konieh, Konia og Qunia; førtyrkisk namn Iconium, Konya) er ein by i Sentral-Anatolia i Tyrkia. Han er den sjuande største byen i landet med like over ein million innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Konya er ein by frå antikken. Det nye testamentet bevitner at han vart vitja av apostelen Paulus. Han vert òg rekna som fødestaden til den heilage Tekla.
Frå 1097 til 1243 var den hovudstaden for dei seldsjukkiske tyrkiske sultanane av Rüm, men det kom mellombels under krossfararane Godfred av Bouillon (august 1097) og Fredrik Barbarossa (18. mai 1190).
Konya nådde høgdepunktet i velde og rikdom mellom 1205 og 1239 då sultanane kontrollerte heile Anatolia, Armenia, delar av Midtausten omfram Krim. I 1219 vart byen fylt av flyktningar frå Khwarezmideriket i Persia. Dei flykta unna mongolane som hadde nedkjempa shahen av Khwarezmid, Muhammad II. I 1243 vart òg Konya erobra av mongolane. Byen vart hovudstad for ein tyrkisk marionettstat under den mongolske krigsherre Möngke Khan.
Etter sultanatet Rüm fall var Konya eit emirat frå 1307 til 1322, då byen vart erobra av karamanidane. I 1420 vart Karamanid erobra av Det osmanske riket og i 1453 vart Konya provinshovudstad for den osmanske provinsen Karamanid.
Både Saladin og den ottomanske sultan Selim II bygde moskéar i Konya.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Konya har eit kontinentalklima med kalde, snørike vintrar og varme, tørre somrar.[2] Det kjem mest regn på våren og hausten. Under Köppen si klimaklassifisering har byen eit halvtørt klima (Köppen BSk).[3] Sommartemperaturen er kring 30 ºC. Varmerekorden i Konya er 40,6 ºC og 30. juli 2000. Om vinteren er temperaturen kring -4 ºC. Kulderekorden i byen er -25,8 ºC den 25. januar 1989.
Vêrdata for Konya | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 4,6 | 6,7 | 12 | 17,4 | 22,3 | 26,9 | 30,3 | 30,3 | 26,3 | 20 | 12,5 | 6,2 | 18 |
Gjennomsnittleg min °C | −4,1 | −3,5 | −0,1 | 4,5 | 8,6 | 13 | 16,3 | 15,9 | 11,4 | 6,3 | 0,7 | −2,4 | 5,6 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 34,7 | 24,5 | 25,9 | 38,9 | 41,1 | 20,9 | 8,9 | 7,4 | 13,6 | 33,4 | 37,8 | 43,2 | 330,3 |
Gns. luftfukt (%) | 76 | 72 | 62 | 55 | 53 | 48 | 41 | 39 | 47 | 58 | 70 | 78 | 58 |
Gns. solskinstimar i månaden | 96,1 | 126 | 189,1 | 207 | 266,6 | 312 | 347,2 | 341 | 288 | 220,1 | 150 | 93 | 2 636,1 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]Hong Kong Observatory [2] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Konya» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Büyükşehir belediyeleri ve bağlı belediyelerin nüfusları - 2011
- ↑ Effect of Climate Changes on Groundwater - Selcuk University, Department of Geology Engineering, Konya, Turkey[daud lenkje]
- ↑ Updated world map of the Köppen-Geiger climate classification - Hydrology and Earth System Sciences Discussions