Hopp til innhald

Konya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konya
by
Land  Tyrkia
Region Sentral-Anatolia
Provins Konya
Høgd 1 200 moh.
Koordinatar 37°52′N 32°29′E / 37.867°N 32.483°E / 37.867; 32.483
Areal 39 000 km²
Folketal 1 073 791 [1]
Folketettleik 28 / km²
Borgarmeister Tahir Akyürek
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 42XXX
Retningsnummer (+90) 332
Kart
Konya
37°52′22″N 32°29′32″E / 37.872769444444°N 32.492138888889°E / 37.872769444444; 32.492138888889
Kart som viser Konya.
Kart som viser Konya.
Kart som viser Konya.
Wikimedia Commons: Konya
Nettstad: www.konya.bel.tr

Konya (eller Koniah, Konieh, Konia og Qunia; førtyrkisk namn Iconium, Konya) er ein by i Sentral-Anatolia i Tyrkia. Han er den sjuande største byen i landet med like over ein million innbyggjarar.

Konya er ein by frå antikken. Det nye testamentet bevitner at han vart vitja av apostelen Paulus. Han vert òg rekna som fødestaden til den heilage Tekla.

Frå 1097 til 1243 var den hovudstaden for dei seldsjukkiske tyrkiske sultanane av Rüm, men det kom mellombels under krossfararane Godfred av Bouillon (august 1097) og Fredrik Barbarossa (18. mai 1190).

Konya nådde høgdepunktet i velde og rikdom mellom 1205 og 1239 då sultanane kontrollerte heile Anatolia, Armenia, delar av Midtausten omfram Krim. I 1219 vart byen fylt av flyktningar frå Khwarezmideriket i Persia. Dei flykta unna mongolane som hadde nedkjempa shahen av Khwarezmid, Muhammad II. I 1243 vart òg Konya erobra av mongolane. Byen vart hovudstad for ein tyrkisk marionettstat under den mongolske krigsherre Möngke Khan.

Etter sultanatet Rüm fall var Konya eit emirat frå 1307 til 1322, då byen vart erobra av karamanidane. I 1420 vart Karamanid erobra av Det osmanske riket og i 1453 vart Konya provinshovudstad for den osmanske provinsen Karamanid.

Både Saladin og den ottomanske sultan Selim II bygde moskéar i Konya.

Konya har eit kontinentalklima med kalde, snørike vintrar og varme, tørre somrar.[2] Det kjem mest regn på våren og hausten. Under Köppen si klimaklassifisering har byen eit halvtørt klima (Köppen BSk).[3] Sommartemperaturen er kring 30 ºC. Varmerekorden i Konya er 40,6 ºC og 30. juli 2000. Om vinteren er temperaturen kring -4 ºC. Kulderekorden i byen er -25,8 ºC den 25. januar 1989.

Vêrdata for Konya
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 4,6 6,7 12 17,4 22,3 26,9 30,3 30,3 26,3 20 12,5 6,2 18
Gjennomsnittleg min °C −4,1 −3,5 −0,1 4,5 8,6 13 16,3 15,9 11,4 6,3 0,7 −2,4 5,6
Gjennomsnittleg nedbør mm 34,7 24,5 25,9 38,9 41,1 20,9 8,9 7,4 13,6 33,4 37,8 43,2 330,3
Gns. luftfukt (%) 76 72 62 55 53 48 41 39 47 58 70 78 58
Gns. solskinstimar i månaden 96,1 126 189,1 207 266,6 312 347,2 341 288 220,1 150 93 2 636,1
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]Hong Kong Observatory [2]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for Konya frå Wikivoyage