Hopp til innhald

Kong Arthur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kong Arthur

DødCamelon
Tittelkeisar
Opptrer iHistoria Regum Britanniae, Le Morte d'Arthur, Excalibur – kongens sverd, Camelot, Iwein, Unidentified Flying Oddball
LandCamelot
MorIgraine
FarUther Pendragon
EktefelleGuinevere
BarnLlacheu, Amhar, Mordred, Lohot

Kong Arthur var ein legendarisk britisk leiar som ifølgje mellomalderhistorie og romanar leia forsvaret av det romersk-keltiske England mot åtak frå saksarane på byrjinga av 500-talet. Detaljane i Arthur-soga er hovudsakleg sett samen av folklore og diktarisk fantasi, og den historiske eksistensen hans er blitt debattert og omstridd av moderne historikarar. Bakgrunnen for historiene er henta frå ulike kjelder, som Annales Cambriae, Historia Brittonum og Gildas sitt De Excidio et Conquestu Britanniae. Arthur er òg omtalt i diktet Y Gododdin.

Illustrasjon frå 1400-talet.

Den legendariske Arthur blei i stor grad utvikla frå Geoffrey av Monmouth sitt fantasifulle historieverk Historia Regum Britanniae frå det 1100-talet (avslutta i 1138). Nokre walisiske og bretonske forteljingar og dikt viser Arthur som ein stor krigar som forsvarte landet mot overnaturlege fiendar, andre som trollmann; av og til forbunden med den walisiske Annwn. Kor mykje Geoffrey sin Historia var tilpassa frå eldre kjelder, og kva han sjølv fann på, er uvisst.

Tema og hendingar i Arthur-legenda varierer mykje frå tekst til tekst. Det finst inga kanonisk utgåve, sjølv om Geoffrey sin versjon ofte ligg til grunn for seinare historier.

Geoffrey viser Arthur som ein konge av Storbritannia som overvann saksarane og herska over Storbritannia, Irland, Island, Noreg og Gallia.

  • Mange element og hendingar som no er del av Arthur-soga opptrer allereie i Geoffrey sin Historia, mellom anna at Uther Penndragon som far til Arthur, Merlin som mentor, Guinevere som dronninga hans, sverdet Excalibur, unnfanginga hans på Tintagel, den siste kampen hans mot Mordred på Camlann og kvilestaden hans på øya Avalon.
  • Det var den franske forfattaren frå 1100-talet Chrétien de Troyes som tilføydde Lancelot, den heilage gralen og romantikken som blei ein vesentleg del av trubadurdiktinga i riddartida.
Statue av Kong Arthur i Hofkirche i Innsbruck.
Tittelbladet frå The Boy's King Arthur.

I dei franske historiene blir fokus ofte endra frå Arthur til ulike riddarar av det runde bordet. Arthur-litteraturen bløma i mellomalderen, men falma i dei neste hundreåra, før han blei teken opp att på 1800-talet. På midten av hundreåret tok Richard Wagner historiene til inspirasjon til operaene sine Parsifal og Tristan (og Isolde). Soga har inspirert biletkunst, teater, film, tv, teikneseriar og andre medium i tillegg til litteratur.

Kring Arthur voks det fram ein segnkrins med m.a. rådgjevaren hans, trollmannen Merlin, sverdet Excalibur, heksa Morgan le Fay (òg kjend som Morgana) og ridderordenen hans, riddarane av det runde bordet, som samla på kongsslottet Camelot.

På 1100-talet blei det skriv ned fleire versjonar i Frankrike og Tyskland med hovudvekt på den siste tida til Arthur, riddarane sin leit etter den heilage gralen, og romansen mellom riddaren Lancelot og dronning Guinevere.

Persongalleriet er omfangsrikt, og av andre riddarar kan ein nemna Parsival, Tristan, Gawain, Galahad, Bors, Ector, Gaheris, Gareth, Lamorak, Sir Lionel, Bedivere, Mordred (son av Arthur og halvsystera hans, Morgause) og Pellinore.

Arthur møtte enden sin i kamp mot den uekte sonen sin Mordred; han blei dødeleg såra og blei sigla til den mytiske øya Avalon, der han blir lækja og lagt til kvile for at han ein dag skulle reisa seg igjen når Albion (dei britiske øyane) har bruk for han.

Kong Arthur på film og tv

[endre | endre wikiteksten]
  • A Connecticut Yankee in King Arthur's Court (1949) med Cedric Hardwicke som Arthur
  • Knights of the Round Table (1953) med Mel Ferrer som Arthur
  • Prince Valiant (1954) med Brian Aherne som Arthur
  • A Connecticut Yankee (1955) med Boris Karloff som Arthur
  • Lancelot and Guinevere (1963) med Brian Aherne som Arthur
  • The Sword in the Stone (1963) (tegnefilm)
  • Camelot (1967) med Richard Harris som Arthur
  • Lancelot du lac (1970) med Tony Taffin som Arthur
  • Monty Python and the Holy Grail (1975) med Graham Chapman som Arthur
  • The Spaceman and King Arthur (1979) med Kenneth More som Arthur
  • Excalibur (1981) med Nigel Terry som Arthur
  • Morte d'Arthur (1984) med Jeremy Brett som Arthur
  • Sword of the Valiant: The Legend of Sir Gawain and the Green Knight (1984) med Trevor Howard som Arthur
  • Arthur the King (1985) med Malcolm McDowell som Arthur
  • First Knight (1995) med Sean Connery som Arthur
  • DragonHeart (1996) med John Gielgud som Arthur
  • Prince Valiant (1997) med Edward Fox som Arthur
  • Quest for Camelot (1998) tegnefilm med Pierce Brosnan som Arthur
  • Merlin: The Return (2000) med Patrick Bergin som Arthur
  • The Mists of Avalon (2001) med Edward Atterton og Freddie Highmore som Arthur
  • King Arthur (2004) med Clive Owen som Arthur
  • The Adventures of Sir Lancelot (1956-1957) med Bruce Seton og Ronald Leigh-Hunt som Arthur
  • Arthur of the Britons (1972-1973) med Oliver Tobias som Arthur
  • The Legend of King Arthur (1979) med Andrew Burt som Arthur
  • Merlin (1980) med Michael Klemm som Arthur
  • The Legend of Prince Valiant (1991) med Efrem Zimbalist, Jr. som Arthur
  • Pé na Jaca (2006-2007) med Murilo Benício som Arthur
  • Kaamelott (2004-2009) med Alexandre Astier som Arthur
  • Merlin (2008-2012) med Bradley James som Arthur og Angel Coulby som Guinevere