Tintagel
Tintagel | ||
---|---|---|
Hovudgata i Tintagel | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Cornwall | |
Distrikt | Cornwall | |
Grunnlagd | ||
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
1 820 | |
Koordinatar | 50°39′46″N 4°44′59″W / 50.66278°N 4.74972°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PL34 | |
Telefon-retningsnummer | 01840 77 | |
Tintagel (kornisk Dintagell, tidlegare kjend som Trevena) er ein landsby på kysten av Cornwall i England. Han har 1820 innbyggjarar.
Landsbyen og det nærliggande Tintagel Castle er knytte til segner om Kong Arthur og riddarane av det runde bordet. Landsbyen har i nyare tid vorte ein populær turiststad.
Ifølgje Arthurlegenda var borga Tintagel, òg kjend som Terrabil, heimstaden til hertug Gorlois, kona hans Igraine og dottera deira Morgan le Fay. Då Uther Pendragon vart forelska i Igraine omleira han borga, men klarte ikkje å kome innanfor murane. Etter ei lang omleiring let trollmannen Merlin Uther få utsjånaden til Gorlois. Han kunne slik ta seg inn i borga og ta Igraine. Same natt vart Gorlois drepen i eit slag. Prisen for trolldomen var at Merlin skulle få ta hand om barnet til Uther og Igraine. Barnet vart seinare kong Arthur. På staden der Tintagel-borga stod har ein funne ruinar etter eit kloster frå 1000-talet, med grunnmurar frå ein enno eldre bygning.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tintagel» frå Wikipedia på engelsk, og «Tintagel» frå Wikipedia på svensk den 17. januar 2010.