Inge Lehmann
Inge Lehmann | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 13. mai 1888 København, Østerbro |
Død |
21. februar 1993 (104 år) |
Yrke | seismolog, geolog, geodet, naturvitar, geofysikar |
Språk | dansk |
Medlem av | Royal Society |
Far | Alfred Lehmann |
Inge Lehmann på Commons |
Inge Lehmann (13. mai 1888–21. februar 1993) var ein dansk seismolog, som i 1936 hevda at kjernen i jorda ikkje berre er ein enkel smelta sfære, men har ei indre kjerne med fysiske eigenskapar som skil seg frå den ytre kjernen. Ho var utanlandsk medlem av Royal Society i London.
Inge Lehmann vart fødd og voks opp i Østerbro i København som dotter av den eksperimentelle psykologen Alfred Georg Ludvik Lehmann (1858-1921). Ho studerte matematikk ved universiteta i København og Cambridge. Etter eit par år i forsikringsbransjen vart ho assistenten til geodesisten Niels Erik Nörlund, som gav ho oppgåva med å setje opp seismologiske observatorium i Denmark og Grønland. Ho fekk då ei interesse for seismologi og i 1928 tok ho eksamen i geodesi og tok imot ei stilling som statsgeodesist og leiaren for seismologidepartementet ved Geodetisk institutt i Danmark, som var leia av Nørlund.
I ein artikkel med den lite merkverdige tittelen P', var ho den første til å tolke P-bølgjer. Gjennom tolkingane av desse bølgjene synte ho at den indre kjernen i jorda eksisterer. Artikkelen gjorde ho verdskjend og fleire forskarar har seinare stadfesta oppdaginga hennar. Fram til ho pensjonerte seg i 1953 vart forholdet mellom ho og andre medlemmer ved instituttet dårleg, delvis fordi ho hadde lite tolmod med mindre kompetente kollegaer. Etter 1953 flytta ho til USA, der ho budde i mange år og samarbeidde med Maurice Ewing og Frank Press på undersøkingar av jordskorpa og den øvre mantelen. Under denne forskinga fann ho ein annan seismisk diskontinuitet, som ligg i djupner mellom 190 og 250 km og som vanlegvis vert kalla Lehmanndiskontinuiteten til ære for henne.
Ho vann sjølv mange prisar og medaljar, og i 1997 oppretta American Geophysical Union Inge Lehmann-medaljen for å ære framifrå bidrag til «å forstå strukturen, samansetninga og dynamikken i mantelen og kjernen til jorda».