Ida Marcussen
Ida Marcussen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. november 1987 (37 år) Kristiansand kommune |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, VM i friidrett 2007 |
Ida Marcussen (fødd 1. november 1987) er ein norsk friidrettsutøvar frå Kristiansand. Marcussen har noregsrekorden i sjukamp, sett i Osaka i 2007. Ho representerte tidlegare Kristiansand IF, men tevlar no for IK Våg frå Vågsbygd.
Resultat
[endre | endre wikiteksten]Marcussen har fleire medaljar frå NM i friidrett 2005-2008 i øvingane kulestøyt, lengehopp og spydkast, inkludert gull i spydkast under NM 2008. Under junior-VM i friidrett 2005 i Kaunas deltok ho som sjukjempar og kom på sjetteplass. Året etter forsøkte ho på nytt under junior-VM i friidrett i Beijing, og denne gongen vann ho sølvmedaljen. I 2007 tok ho noregsrekorden i mangekamp i VM i friidrett 2007 i Osaka med 6226 poeng. Dette heldt til ein ellevteplass.
I 2008 deltok ho som sjukjempar i Sommar-OL 2008 i Beijing, og enda på 21. plass. Elles har ho delteke som sjukjempar i VM i friidrett 2009 i Paris, EM i friidrett 2010 i Barcelona, VM i friidrett 2011 i Daegu og EM i friidrett 2012 i Helsingfors. Ho deltok også i sjukamp under Sommar-OL 2012 i London.[1] Her enda ho på ein 28. plass.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ida Marcussen» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juli 2012.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dagbladet, 12. juli 2012: Her er hele den norske OL-troppen
- ↑ Resultatliste frå Sports-reference.com, arkivert frå originalen 13. august 2011, henta 23. august 2012
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Ida Marcussen» (på engelsk). Olympedia. Henta 3. mars 2023.