1. november
Utsjånad
1. november er den 305. dagen i den gregorianske kalenderen (306. under skotår). Det er 60 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldag i Algerie | Nasjonaldag i Antigua og Barbuda |
Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]- Día de los Muertos, meksikansk feiring av døde forfedrar
Bevegelege heilagdagar som fell på 1. november i 2024:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Veslemøy og Vetle |
Sverige | Allehelgendagen |
Danmark | Alle Helgen |
Helgendag i den katolske kyrkja
[endre | endre wikiteksten]Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 1478: Paven gav løyve til å danna den spanske inkvisisjonen.
- 1512: Taket i det sistinske kapellet var ferdig dekorert av Michelangelo, og blei vist til publikum.
- 1755: Jordskjelvet i Lisboa drap mellom seksti og nitti tusen menneske
- 1922: Det osmanske riket blei oppløyst .
- 1954: I Algerie starta krigen for nasjonalt sjølvstende.
- 1956: Ungarn melde seg ut av Warszawapakta og erklærte seg nøytralt.
- 1963: Statskupp i Sør-Vietnam.
- 1981: Antigua og Barbuda fekk sjølvstende.
- 1993: Maastricht-avtalen trødde i kraft og den europeiske unionen blei til.
- 1998: Den europeiske menneskerettsdomstolen blei grunnlagd.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1299: Håkon V Magnusson konge
- 1864: Sagatun Folkehøyskole, Noregs fyrste folkehøgskule, byrja.
- 1956: Stortinget oppheva grunnlovsforbodet om at jesuittar ikkje fekk kome til Noreg.
- 1985: Noregs fyrste pengesetel med nynorsk tekst, ein grøn 50-kroning med bilete av Aasmund Olavsson Vinje, vart sett i omlaup.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 1. november.
- 1778: Gustav IV Adolf av Sverige
- 1871: Stephen Crane, amerikansk forfattar
- 1899: Anne Grimdalen, norsk bilethoggar
- 1902: Nordahl Grieg, norsk diktar
- 1923: Victoria de los Angeles, spansk sopran
- 1930: Marie Lovise Widnes, norsk songar, diktar, forfattar, SV-politikar og husmor
- 1940: Ramesh Chandra Lahoti, indisk høgsterettsdommar
- 1962: Magne Furuholmen, norsk musikar og komponist
- Bjarne Håkon Hanssen, norsk politikar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 1. november.
- 1629: Hendrick ter Brugghen, nederlandsk målar
- 1700: Karl II av Spania, konge over Spania, Napoli & Sicilia
- 1894: Tsar Aleksander III av Russland
- 1903: Theodor Mommsen, tysk forfattar og nobelprisvinnar
- 1968: Ludowika Jakobsson, tysk-finsk kunstløpar
- 1972: Ezra Pound, USA-amerikansk diktar
- 2008: Jacques Piccard, sveitisk vdjuphavsforskar
- 2008: Yma Sumac, peruansk-amerikansk songar