Husflid
Husflid er handverksmessig produksjon av varer for eigen bruk eller for sal. Husflidproduksjon skjer i heimen og treng få og enkle tekniske produksjonsmiddel. Husfliden omfattar teknikkar som vevnad, strikking, treskurd, smiarbeid og rosemåling.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Omgrepet husflid er sett saman av orda hus og det lågtyske ordet flid (jf. flittig) og er kjend frå tidleg 1800-tal i tydinga flid i heimen. Biskop Jacob Neumann brukte omgrepet i sin omtale av Asker prestegjeld i 1817.
I vår tyding skal Henrik Wergeland vere rekna som opphavsmann til uttrykket.[1] Eilert Sundt brukar omgrepet om arbeid som oppfyller stundene mellom hovudarbeida og som sysselset kvar hand i familien — til skilnad frå fabrikkdrift og handverk som hovudsyssel. Han har problem med å definere emnet, sidan det «er noget Usikkert og Svævende i Husflidens Navn og Begreb».
Sundt si bok gav støtet til etablering av dagens husflidlag; Den norske husflidforening vart stifta i 1891. Formålet med husflidlaga å lære opp folk i husflidarbeid, og å etablere utsal for husflidprodukt. Opplæring i husflid var hjelp til sjølvhjelp og for mange eit alternativ til fattigkassa.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kultursjef Aaslaug Vaa: «Husflid - et tidløst fenomen, et nytt begrep» i Av nød, lyst og kjærlighet - Husflid i Nordland gjennom 100 år Nordland Husflidlag og Husfliden i Bodø
- Bunad & Husflidsportalen Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
- Eilert Sundt 1867-68: Om Husfliden i Norge - Til Arbeidets Ære og Arbeidsomhedens Pris Arkivert 2006-10-09 ved Wayback Machine.
- Dagsavisen: «Flittig mangfold hos Husfliden»
- Nynorskordboka
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kunnskapsforlaget store norske leksikon 1981 ISBN 82-573-0036-5