Hopp til innhald

Fabrikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dette svenske trafikkskiltet viser ein stilisert fabrikk med fleire bygningar og fabrikkpiper.
Kvinneleg fabrikkarbeidar fotografert på 1940-talet.
Manchester i England (industriområdet «Cottonopolis»), framstilt i 1840, med ei lang rad av fabrikkpiper

Ein fabrikk (av latin fabrica, 'verkstad') er eit industrianlegg der ein produserer varer, halvfabrikat eller foredler råstoff til ei anna råvare. Ein typisk fabrikk er ein eller fleire store bygg som inneheld maskineri, råstoff og ferdige produkt. Her finn ein arbeidarar eller oppsynsfolk for maskinar som jobbar etter samlebandsmetoden eller ein annan form for masseproduksjon.

«Fabrikasjon» viser til det å fabrikkera eller laga noko ved ein fabrikk.[1] «Fabrikant» kan visa til nokon som fabrikkerer, eller ein fabrikkeigar.[2]

  1. «fabrikasjon» i Nynorskordboka.
  2. «Fabrikant». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 4. august 2018. 
Spire Denne teknologiartikkelen som har med økonomi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.