Hopp til innhald

Guizhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guìzhōu
贵州
provins
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 176 167 km²
Folketal 35 800 000 (2018)
Kart
Guizhou
26°50′00″N 106°50′00″E / 26.833333333333°N 106.83333333333°E / 26.833333333333; 106.83333333333
Plasseringa av Guizhou i Kina
Plasseringa av Guizhou i Kina
Plasseringa av Guizhou i Kina
Wikimedia Commons: Guizhou
Eit trommetårn i ein dong-landsby i Zhaoxing, sør i Guizhou.

Guizhou (forenkla kinesisk 贵州, pinyin Guìzhōu) er ein provins i dei sørlege, midtre delane av Folkerepublikken Kina. Guizhou grensar mot provinsane Sichuan og Chongqing i nord, provinsen Yunnan i vest, den autonome regionen Guangxi i sør og provinsen Hunan i aust. Provinsen dekker ei flatevidd på 176 000 km². Guiyang er hovudstad i provinsen.

Guizhou er ein av dei fattigaste provinsane i Kina. Berre 11 % av naturen vert brukt til dyrking av mat. Ris er ei av dei viktigaste eksportvarene, men det vert berre dyrka fram ei avling i året. Det vert også dyrka ein del mais og kveite.

Det går mange jernbanar gjennom provinsen, men mange av landsbyane har ikkje vegsamband i det heile.

Området vart ei administrasjonseining under Tang-dynastiet, og fekk namnet Juzhou (矩州). Under det mongolsk-leia Yuan-dynastiet vart skriftteiknet 矩 (ju, 'tømmermannsvinkel') endra til 貴 (gui, 'verdifullt' eller 'dyrt').[1]

Guizhou er rik på fjell, særleg i vest, medan dei austlege og sørlege delane er ganske flate. Den vestlege delen av provinsen er ein del av Yunnan-Guizhou-platået.[2]

Guizhou har eit fuktig, subtropisk klima. Årstidene skil seg lite frå kvarandre. Middeltemperaturen er om lag 10 til 20 °C. Januartemperaturane varierer frå 1 til 10 °C, medan julitemperaturane varierer frå 17 til 28 °C.

Guizhou var godt kjend av kinesarane sidan oldtida, men det var ikkje før under Ming-dynastiet at området kom fast under kinesisk kontroll og vart organisert som provins. Sidan følgde masseinnvandring av kinesarar frå nærliggande provinsar som Sichuan og Hunan.

Den folkegruppa som stod sterkast i området frå før, miaofolket, gjorde stadig opprør. Under Qing-dynastiet heitte det at det var mindre oppstandar kvart trettiande år, og større kvart sekstiande. Opprørarane vart slått ned av regjeringa.

Guizhou vart formelt ein provins i 1413.[3]

Etter nasjonale økonomiske reformar som byrja i 1978, vart Guizhou den fattigaste provinsen i landet.[4]

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Guizhou er ein av provinsane i Kina der det bur folk frå eit stort tal ulike folkegrupper. Minoritetsgrupper utgjer meir enn 37 % av befolkninga. Mellom desse er yaofolk, miao, yifolk, qiangfolk, dongfolk, zhuangfolk, buyei, baifolk, tujiafolk, gelaofolk og shuifolk.

55,5 % av landområdet i provinsen er lagt ut til autonome regionar for etniske minoritetar. Guizhou er den provinsen i Kina som har høgst fertilitetsrate, 2,19.[5]

Guizhou er den fattigaste provinsen i Kina, og økonomisk er lite utvikla. Han er rik på naturresurssar. Råvareproduksjonen er særleg knytt til skogsdrift og trevarer.[6] Andre viktige industrigreiner er energiproduksjon (elektrisitet) og gruvedrift, særleg utvinning av kol, kalkstein, arsenikk, gips, og oljeskifer.[6]

Administrasjonseiningar

[endre | endre wikiteksten]

Guizhou har ni einingar på prefekturnivå, dei ni er delt i fire byprefektur, to prefektur og tre autonome distrikt:

Kart # Namn Hanzi (S) Pinyin Administrasjonssete
Byprefektur
2 Zunyi 遵义市 Zūnyì Shì Honghuagang
4 Liupanshui 六盘水市 Liùpánshuǐ Shì Zhongshan
6 Guiyang 贵阳市 Guìyáng Shì Yunyan
5 Anshun 安顺市 Ānshùn Shì Xixiu
Prefektur
1 Bijie 毕节地区 Bìjíe Dìqū Bijie
3 Tongren 铜仁地区 Tóngrén Dìqū Tongren
Autonome prefektur
7 Qianxinan for buyei og miao 黔西南布依族苗族自治州 Qiánxī'nán Bùyīzú
Miáozú Zìzhìzhōu
Xingyi i Guizhou
8 Qiannan for Buyei og miao 黔南布依族苗族自治州 Qiánnán Bùyīzú
Miáozú Zìzhìzhōu
Duyun i Guizhou
9 Qiandongnan for miao og dong 黔东南苗族侗族自治州 Qiándōngnán Miáozú
Dòngzú Zìzhìzhōu
Kaili i Guizhou

Dei ni einingane er delt opp i 88 einingar på fylkesnivå (14 distrikt, 7 byfylke, 55 fylke, 11 sjølvstyrande fylke og 1 spesialdistrikt).

Styresmakter

[endre | endre wikiteksten]

Den regionale leiaren i Kinas kommunistparti er Sun Zhigang. Guvernøren er Shen Yiqin (2020).

  1. Wilkinson (2012), s. 233.
  2. «Guizhou Province». ChinaToday.com. Henta 29. februar 2016. 
  3. Maygew, Bradley; Miller, Korina; English, Alex (2002). "Facts about South-West China - History". South-West China (2 utg.). Lonely Planet. s. 16–20, 24.
  4. Hutchings, Graham (2003). "Guizhou Province". Modern China: A Guide to a Century of Change. Harvard University Press. s. 176–177.
  5. Heather Kathleen Mary Terrell (May 2005). «Fertility in China in 2000 : A County Level Analysis (thesis, 140 s.)» (PDF). Texas A & M University. Henta 27. november 2010. 
  6. 6,0 6,1 «Market Profiles on Chinese Cities and Provinces : Guizhou Province». Hong Kong Trade Development Council (HKTD)/Guizhou Statistical Yearbook 2008. January 2009. Henta 27. november 2010. 
Bibliografi
  • Wilkinson, Endymion (2012). Chinese History: A New Manual. Harvard-Yenching Institute Monograph Series 84. Cambridge, MA: Harvard-Yenching Institute; Harvard University Asia Center. ISBN 978-0-674-06715-8. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Guizhou