Arsenikk
Arsenikk, eller arsentrioksid (As2O3), er velkjent som eit effektivt stoff å forgifta menneske med.
Gift
[endre | endre wikiteksten]Arsenikk er langt giftigare enn det reine grunnstoffet arsen. 0,1 g - 0,2 g arsenikk er normalt ein dødeleg dose, men ved langvarig inntak kan ein venja seg til å tola ganske store mengder.
Gifta er vanskeleg å oppdaga, av di ho gjev frå seg korkje smak eller lukt. Men det er lett å påvisa henne i kroppen etter dauden.
I mellomalderen var arsenikk ei frykta gift i fleire europeiske kongehus. Difor var det ikkje uvanleg at kongelege sjølv drakk litt av gifta for å vera motstandsdyktige dersom einkvan skulle freista å drepa dei.
Kjemi
[endre | endre wikiteksten]Arsenikk er eit oksid av arsen. Det har formelen (As2O3). Arsen har oksidasjonstrinn +3 i sambindinga. Andre namn på stoffet er arsen(III)oksid, arsentrioksid, arsensesquioksid og kvit arsenikk. Arsenikk er, som andre oksid, ei uorganisk sambinding.
Arsenikk er eit kvitt, fast stoff.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Arsenikk vert brukt mot skadedyr og i tilverking av opaliserande glas og emalje.
Stoffet blei tidlegare noko brukt i små dosar som medisin mot blodsjukdommar og som styrkjande og appetittvekkjande middel.
I grunnvatn
[endre | endre wikiteksten]Arsenikk finst naturleg i bergartar og sediment som mineralet arsenolitt (kubisk As2O3) og claudetitt (monoklin). Denne særs giftige sambindinga kan derfor finnast laust i grunnvatnet. Jamn eksponering for arsenikk kan mellom anna føre til auke førekomst av hud- og blærekreft. Det finst derfor grenseverdiar for kor mykje arsenikk grunnvatn kan innehalde. Mange land har høge arsenikk-konsentrasjonar i grunnvatnet, og særleg i Bangladesh og Vest-Bengal i India er arsenikk eit stort helseproblem.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Aresenikk i grunnvann» i Store norske leksikon, snl.no.