Shanghai
Shànghǎi | |||
上海 | |||
by | |||
Panorama av Pudong.
| |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Del av | Huadong, direct-administered municipality | ||
Høgd | 4 m | ||
Areal | 6 341 km² | ||
Folketal | 24 152 700 (2015)[1] | ||
Tidssone | UTC +8 | ||
Postnummer | 200000–202100 | ||
Retningsnummer | 21 | ||
Shanghai 31°10′00″N 121°28′00″E / 31.166666666667°N 121.46666666667°E | |||
Kart som viser Shanghai.
| |||
Wikimedia Commons: Shanghai |
Shanghai (forenkla kinesisk 上海, pinyin Shànghǎi) er ein storby og hamneby ved austkysten av Kina. Med eit folketal på 24,2 millionar i 2018 er han det folkerikaste byområdet i Kina og etter nokre utrekningar den andre folkerikaste byen i verda. Hamna er den travlaste containerhamna i verda. Shanghai er elles eit globalt senter for finans, teknologi og transport.[2]
Byen ligg ved det sørlege estuaret av Yangtze, medan Huangpu renn gjennom han. Han var opphavleg ein fiskelandsby og marknadsstad, men fekk auka tyding på 1800-talet. Han var ein av fem traktathamner i Kina som blei opne for handel med utlandet etter den første opiumskrigen.
Shanghai er ein byprovins, ein «regjeringsumiddelbar by», dvs. som er direkte understilt sentralregjeringa i Kina og har same status som ein provins.
Bydelen Pudong er det finansielle senteret i Shanghai.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Dei to kinesiske skriftteikna for bynamnet «Shanghai» betyr 'på' og 'hav'. Første gongen ein kjem over dette namnet er under Song-dynastiet, då «Shanghai» var namnet både på staden der to elvar flaut saman og ein liten by på denne staden. Det er omstridd korleis namnet skal tolkast, men kinesiske historikarar har kome fram til at staden låg under havnivået under Tang-dynastiet, slik at det bokstaveleg var 'på havet'.[3]
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Shanghai er delt inn i 19 einingar på fylkesnivå: 18 distrikt og eitt fylke.
Ni av distrikta dekkjer «Puxi», som er dei eldre delane av Shanghai sine bymessige delar og forstader på vestbreidda av elva Huangpu:
- Huangpu-distriktet (Huángpǔ Qū)
- Luwan-distriktet (Lúwān Qū)
- Xuhui-distriktet (Xúhuì Qū)
- Changning-distriktet (Chángníng Qū)
- Jing'an-distriktet (Jìng'ān Qū)
- Putuo-distriktet (Pǔtuó Qū)
- Zhabei-distriktet (Zháběi Qū)
- Hongkou-distriktet (Hóngkǒu Qū)
- Yangpu-distriktet (Yángpǔ Qū)
«Pudong», eller dei nyare delane av Shanghai sine bymessige delar og forstader på austbreidda av Huangpu, er eit eige distrikt med namnet Pudong. Før 1992 heitte det Chuansha fylke.
Åtte distrikt dekkjer forstader, satellittbyar og landlege område lengre vekk frå bykjerna:
- Baoshan-distriktet (Bǎoshān Qū) — Baoshan fylke til 1988
- Minhang-distriktet (Mǐnháng Qū) — Shanghai fylke til 1992
- Jiadingv-distriktet (Jiādìng Qū) — Jiading fylke til 1992
- Jinshan-distriktet (Jīnshān Qū) — Jinshan fylke til 1997
- Songjiang-distriktet (Sōngjiāng Qū) — Songjiang fylke til 1998
- Qingpu-distriktet (Qīngpǔ Qū) — Qingpu fylke til 1999
- Nanhui-distriktet (Nánhuì Qū) — Nanhui fylke til 2001
- Fengxian-distriktet (Fèngxián Qū) — Fengxian fylke til 2001
Chongming-øya, ved osen av Yangtzeelva, er styrt av Chongming fylke (Chóngmíng Xiàn).
Styresmakter
[endre | endre wikiteksten]Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Li Qiang (2020).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shanghai» frå Wikipedia på engelsk, den 1. november 2019.