Hopp til innhald

Art deco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Art deco-arkitektur: Toppen av Chrysler-bygningen i New York by.

Art deco (forkorting for art decoratifs, opphavleg Styla Moderne) er ein stil i arkitektur og design som utvikla seg på 1920- og 1930-talet.[1] Stilen kan best skildrast som ein slags dekorativ modernisme som stilhistorisk kan plasserast mellom nyklassisisme og funksjonalisme, med røter i art nouveau.[1] Sjølve omgrepet «art deco» blei fyrst innført som stilnemning i 1960-åra, etter at det blei halde ei retrospektiv utstilling i det franske kunstindustrimuseet i 1966.[1] Namnet var ei forkorting for utstillinga for brukskunst og industriell formgjeving i Paris i 1925 (Exposition Internationale des Arts Décoratifs et Industriels Modernes).[1]

Etter verdsutstillinga i Paris 1900 samla ulike franske kunstnarar seg i kollektivet La Société des artistes décorateurs. Grunnleggarane var Hector Guimard, Eugène Grasset, Raoul Lachenal, Paul Follot, Maurice Dufrene og Emile Decour.

Art deco i arkitektur og industrielt design oppstod mellom 1920 og 1939, og har blitt gjenoppliva fleire gongar. Stilen har framleis innverknad på kunst og design. Opphavleg kan art deco knyttast til konstruktivisme, kubisme, modernisme, bauhaus, jugendstil og futurisme. Det er tale om ei strøyming utan politisk bodskap som handlar om å skapa gjenstandar og kunst med vekt på eleganse og funksjon.

Inspirasjon

[endre | endre wikiteksten]

Stilarten er eklektisk, ettersom han blandar mange stilartar som afrikansk og egyptisk «primitiv» kunst og dessutan inspirasjon frå teknologiske nyvinningar i samtida.

Stilen henta inspirasjon frå historiske og samtidige kjelder. Frå arkeologiske utgravingar i Latin-Amerika kom impulsar frå aztekarar, mayakulturen og den førkolumbiske sivilisasjonen, medan utgravingar i Middelhavsområdet tilførte impulsar frå dei minoiske, arkaisk greske, assyriske og egyptiske sivilisasjonar. Nye antropologiske studiar sette fokus på dekorative element i m.a. afrikanske og amerikanske stammekulturar.

Avantgardekunsten på det tidlege 1920-talet var òg viktig for stilarten. Frå kubismen fekk han stilisering og geometrisk abstraksjon, medan dei glødande fargane var henta frå fauvismen.

Art deco delte fascinasjon ein fann i futurismen for alt som var i rørsle, noko som kom til uttrykk m.a. ved sikksakkmønster i dekorasjonar og metaforar frå moderne byliv. Stilen eksperimenterte med moderne materiale frå industrien og la stor vekt på masseproduksjon. Designerar og arkitektar ønskte å skapa ein estetisk syntese, ein samlande stil, som svarte på behova til det moderne mennesket. Det finst inspirasjon frå fly, straumlinja design, radio og høghus. Mønstera er påverka av trapesformer og meir tilfeldige runda formar. Typiske materiale er stål, aluminium, innlagt tre, sebraskinn, haiskinn og lakk. Der er ein dristig og uføreseieleg bruk av kurver i denne stilen.

Eit typisk døme på art deco-arkitektur er Chrysler-bygningen. Her har ein blanda boga og rette former, og lånt frå bildesign. Bygningen var den høgaste i verda då han blei oppført i 1930.

Namn knytte til art deco

[endre | endre wikiteksten]

Blant viktige eksponentar for art deco er kunstnarar som Tamara de Lempicka, Lee Lawrie, Rene Paul Chambellan, Paul Manship, C. Paul Jennewein og Joseph Kiselewski, og arkitektar som Albert Anis, Ernest Cormier, Banister Flight Fletcher, Bruce Goff, Charles Holden, Raymond Hood, Ely Jacques Kahn, Edwin Lutyens, William van Alen, Wirt C. Rowland, Giles Gilbert Scott, Joseph Sunlight, Ralph Walker, Thomas Wallis og Owen Williams.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rygh, Per (8. mars 2022). «art deco». Store norske leksikon (på norsk).