Allanitt
Utsjånad
Allanite | |||
Allanitt frå Mt. Isa – Cloncurry-området i Queensland i Australia (skalaen er ein tomme) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | sorosilikat | ||
Kjemisk formel | Ca(Ce,REE)Al2Fe2+(Si2O7)(SiO4)O(OH) | ||
Strunz-klassifisering | 09.BG.05b | ||
Krystallsymmetri | Monoclinic 2/m | ||
Einingscelle | a = 8,927 Å, b = 5,761 Å, c = 10,15 Å; β = 114,77°; Z = 2 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Brun til svart | ||
Krystallform | Krystallar er lagdelt, prismeforma til nålforma; granulær, massiv; ofte metamikt | ||
Krystallsystem | Monoklin | ||
Tvilling | Polysynetisk, vanleg på {100} | ||
Kløyv | Ufullstendig til dårleg | ||
Brot | Muslig til ujamn | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 5½–6 | ||
Glans | Glasaktig, harpiksglans til submetallisk | ||
Strekfarge | Grå | ||
Transparens | Gjennomskineleg til ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 3,5–4,2 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1,715–1,791 nβ = 1,718–1,815 nγ = 1,733–1,822 | ||
Pleokroisme | X = bleik olivengrøn, raudaktig brun; Y = mørkebrun, brungul; Z = mørk raudbrun, grønbrun | ||
2V-vinkel | Målt: 40° til 80° | ||
Dispersjon (spreiing) | r > v; kraftig | ||
Andre eigenskapar | Kan vere radioaktiv | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Allanitt, tidlegare kalla orthitt er eit svart mineral i epidot-gruppa. Det er monoklint og har kjemisk samansetnad som epidot, men lantanoider erstattar delvis kalsium. Det er ofte i ein metamikt tilstand på grunn av eit lite innhald av thorium og uran. Mineralet er utbreidd som underordna (aksessorisk) bestanddel av granittar, syenittar og gneisar. Det finst i større mengder på granittpegmatittar, òg fleire stader i Noreg.
Mineralet er kalla opp etter mineralogen Thomas Allan (1777–1833).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Allanitt. (19. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.