AS Roma
Fullt namn | Associazione Sportiva Roma | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Il Giallorossi «Dei gule og raude» La Lupa «Ho-ulven» La Magica «Magikaren» | ||
Grunnlagd | 7. juni 1927 | ||
Heimebane | Stadio Olimpico | ||
Hovudtrenar | José Mourinho | ||
Liga | Serie A | ||
2020/21 | 7. plass i Serie A | ||
Nettstad | Heimeside | ||
| |||
Noverande sesong |
Associazione Sportiva Roma, til dagleg omtala som Roma, er ein fotballklubb frå Roma i Italia. Klubben vart stifta i 1927, då det italienske fascist-regimet tvinga tre lokale fotballag å slå seg saman. Roma har sidan i alle år, unnatake 1951/52-sesongen, vore med i toppdivisjonen i Italia.
Roma vann Messebycupen i 1961, etter å ha spela 2-2 og 2-0 mot Birmingham City i eit borte/heimekamp-møte. Klubben tapte i 1984 finalen i Europacupen mot Liverpool FC etter straffeskyting. I 1991 nådde Roma finalespelet i UEFA-cupen, men måtte gje tapt mot Inter. Roma har vunne Serie A tre gongar; fyrste gongen i 1942, deretter i 1983 og sist i 2001. Klubben har ni gongar vunne den italienske fotballcupen; Coppa Italia, sist i 2008.
Klubben spelar sine heimekampar på Stadio Olimpico, eit stadion klubben deler med byrivalen SS Lazio. Tribunekapasiteten er på over 72 000 tilskodarar, nest størst i Italia.
Spelarstall
[endre | endre wikiteksten]Endra 26. september 2021.[1]
- 1 Rui Pedro dos Santos Patrício
- 2 Rick Kardorp
- 3 Roger Ibañez da Silva
- 4 Bryan Cristante
- 5 Matias Viña
- 6 Chris Smalling
- 7 Lorenzo Pellegrini
- 8 Gonzalo Villar
- 9 Tammy Abraham
- 11 Carles Pérez
- 13 Riccardo Calafioru
- 14 Eldor Shomurodov
- 17 Jordan Veretout
- 18 Davide Santon
- 19 Bryan Reynolds
- 20 Federico Fazio
- 21 Borja Mayoral
- 22 Nicolò Zaniolo
- 23 Gianluca Mancini
- 24 Marash Kumbulla
- 37 Leonardo Spinazzola
- 42 Amadou Diawara
- 52 Edoardo Bove
- 53 Alessio Riccardi
- 55 Ebrima Darboe
- 59 Nicola Zalewski
- 63 Pietro Boer
- 77 Henrikh Mkhitarjan
- 87 Daniel Fuzato
- 92 Stephan El Shaarawy
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Derby della capitale», s. 74-87 i Josimar 1/2017.
- Denne artikkelen bygger på «A.S. Roma» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2013.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ AS Roma - Club profile. Transfermarkt