2. februar
Utsjånad
2. februar er den 33. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 332 dagar att av året (333 under skotår).
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]- Kyndelsmesse, framberinga av Herren i Tempelet, i vestleg og delar av austleg kristendom
- Nossa Senhora dos Navegantes, Vår frue for navigatørane, blir feira i Brasil
- Virgen de Candelaria blir feira på Tenerife
Bevegelege heilagdagar som fell på 2. februar i 2024:
Kulturelle høgtider
[endre | endre wikiteksten]- Groundhog Day i USA
Primstaven
[endre | endre wikiteksten]- Merket for kyndelsmesse er eit tre. Kyndelsmesse tyder «lysmesse», og ein kan vente vind som forsøker å blåse ut lysa.
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Jomar og Jostein |
Sverige | ingen |
Danmark | Kyndilmisse |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 1119: Utnemninga av pave Callistus II.
- 1920: Fredsavtale mellom Sovjetunionen og Estland vart inngått i Tartu.
- 1943: Restane av dei tyske styrkane som var med i Slaget om Stalingrad overgav seg.
- 1953: Dikene i Nederland braut saman under ein voldsom springflod. Flaumen som følgde drap 1 500, gjorde at 100 000 måtte flykta og øydela store jordbruksareal.
- 1971: Idi Amin avsette president Milton Obote under eit militærkupp i Uganda.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1915: Stortinget vedtok dei såkalla «castbergske barnelover», lover som gav lik arverett mellom born fødd i og utanfor ekteskap.
- 1929: Den andre Norvegia-ekspedisjonen annekterte Peter 1.s øy for Noreg.
- 1944: Gestapo innleia massearrestasjonar av involverte i den illegale pressa.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 2. februar.
- 1821: Fel-Jakup, norsk musikar
- 1843: Knute Nelson, norsk-amerikansk politikar
- 1846: Hans Konrad Foosnæs, norsk politikar
- 1867: Mons Litleré, norsk forleggjar
- 1882: James Joyce, irsk forfattar
- 1872: Ole Bråvoll, norsk lærar og folkeminnesamlar
- 1902: Ayn Rand, russisk-amerikansk forfattar og filosof
- 1926: Valéry Giscard d'Estaing, fransk president
- 1927: Stan Getz, USA-amerikansk musikar
- 1946: Isaias Afewerki, eritreisk president (1993-)
- 1968: Espen Bredesen, norsk skihoppar
- 1970: Roar Strand, norsk fotballspelar
- 1977: Martin Andresen, norsk fotballspelar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 2. februar.
- 1491: Martin Schongauer, tysk målar
- 1769: Pave Klemens XIII
- 1825: Laurents Hallager, norsk lækjar og ordsamlar
- 1893: Carl Christopher Georg Andræ, dansk statsminister
- 1898: Johan Christian Johnsen, norsk journalist, redaktør og leksikograf
- 1899: Halfdan Egedius, norsk kunstmålar og illustratør
- 1970: Bertrand Russell, engelsk matematikar og filosof
- 1979: Sid Vicious, britisk musikar (Sex Pistols)
- 1990: Mel Lewis, amerikansk trommeslagar
- 1990: Sigbjørn Bernhoft Osa, norsk musikar
- 1996: Gene Kelly, amerikansk filmskodespelar, dansar, songar og filmregissør
- 2008: Gudmund Sandvik, norsk historikar