Hopp til innhald

Zanjan-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zanjan
Zəncan
زنجان
Provins
Land  Iran
Region Region 3
Fylke 8
Hovudstad Zanjan
Areal 21 773 km²
Folketal 1 057 461 (2016)[1]
Språk  • persisk (offisielt)
 • aserbajdsjansk (majoritet)
 • tatisk
 • kurdisk[4]
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)
Kart
Zanjan-provinsen
36°40′30″N 48°29′04″E / 36.6751°N 48.4845°E / 36.6751; 48.4845
Wikimedia Commons: Zanjan Province

Zanjan-provinsen (persisk استان زنجان Ostān-e Zanjān, aserbajdsjansk Zəncan ostanı) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg i Iransk Aserbajdsjan og folkesetnaden er aserbajdsjanarar.[5] Hn er ein del av Region 3 i Iran.[6] Provinshovudstaden er Zanjan. Provinsen dekkjer eit areal på 36 400 km² og har like over éin million innbyggjarar (2011), som for det meste bur på landsbygda.[7] Provinsen ligg 330 km nordvest for Teheran.

Geografi og klima

[endre | endre wikiteksten]

Zanjan dekkjer kring 1,34 % av Iran. Folketettleiken er kring 4,25 personar per km². Zanjan grensar til Aust-Aserbajdsjan, Vest-Aserbajdsjan, Hamadan, Kurdistan, Gilan, Ghazvin og Ardabil.

Av shahrestan, eller fylke i Zanjan-provinsen, finn ein:

Zanjan har eit fjellklima prega av kalde, snørike vintrar i fjella og moderat klima på slettene om vinteren. Om sommaren er vêret varmt. Den normale maksimumstemperaturen er kring 27 °C, medan den normale minimumstemperaturen om vinteren er –19 °C. Temperaturer over 30 ºC er derimot ikkje uvanleg på varme dagar, og heller ikkje temperaturer ned til –27 °C om vinteren.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Zanjan-provinsen