Hopp til innhald

Qom-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qom
قم
Provins
Land  Iran
Region Region 1[1]
Fylke 1
Hovudstad Qom
Areal 11 526 km²
Folketal 1 292 283 (2016)[2]
Språk persisk, aserbajdsjansk
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)
Kart
Qom-provinsen
34°38′44″N 50°52′47″E / 34.6456°N 50.8798°E / 34.6456; 50.8798
Kart som viser Qom-provinsen.
Kart som viser Qom-provinsen.
Kart som viser Qom-provinsen.
Wikimedia Commons: Qom Province

Qom-provinsen (persisk استان قم Ostān-e Qom) er ein av 31 provinsar i Iran. Han har ei flatevidd på 11 237 km², som dekkjer 0,89 % av heile landet. Provinsen ligg nord i landet og provinshovudstaden er byen Qom. Han vart skipa frå delar av Teheran-provinsen i 1995. I 2011 hadde provinsen 1,1 millionar innbyggjarar og av desse budde 95,2 % i urbane strøk og 4,8 % på landsbygda.[5] Provinsen har berre ein by, men fire fylke, ni landdistrikt og 256 landsbyar.

Provinsen vart plassert i Region 1 i 2014.[1]

Klimet i Qom-provinsen varierer mellom ørken- og halvørken-klima, og består av fjellområde, åsar og sletter. Sidan det ligg nær eit tørt område, og langt inne i landet, er klimaet tørt med låg luftfukt og lite nedbør. Jordbruk er derfor ikkje mogeleg i det meste av området, særskild nær saltsjøane. Det ligg to store saltsjøar i Qom-provinsen, nemleg Howz e Soltan, som ligg 36 km nord for Qom, og Namaksjøen, som ligg 80 km aust for Qom. Nesten ein femtedel av Namaksjøen ligg innafor Qom-provinsen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Qom-provinsen