Venstre i Danmark
Venstre | |||
| |||
Land | Danmark | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Troels Lund Poulsen[1] | ||
Grunnlagt | 1870 | ||
Hovudkvarter | Søllerød | ||
Medlemstal | 30 791 (2020)[2] | ||
Ideologi | konservativ liberalisme, klassisk liberalisme, agrarparti | ||
Politisk posisjon | sentrum-høgre |
Venstre er eit politisk parti i Danmark. Partiet kallar seg òg Danmarks Liberale Parti. Det er eitt av to danske parti som er medlemer i Den liberale internasjonale. Det andre er Radikale Venstre, som oppstod som eit utbrytarparti frå Venstre i 1905. Det norske Venstre reknar Radikale Venstre som sitt danske systerparti, medan det danske Venstre ofte vert samanlikna med Høgre i Noreg.
Partiet si ungdomsrørsle heiter Venstres Ungdom.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Venstre vart stifta i 1870 ved ei samling av forskjellige grupper som i samtida vart sedde som venstreorienterte, under namnet «Det forenede Venstre». Det første partiprogrammet kom i 1870. På den tida var Venstre i opposisjon til godseigarane og De Nationalliberale. Venstre sine motstandarar, som støtta kongemakta, vart seinare til Højre (avløyst av Det Konservative Folkeparti).
I 1905 braut Det Radikale Venstre ut av Venstre etter indre stridar. Venstre har etter dette vorte rekna som eit borgarleg parti grunna sin økonomiske politikk og det liberalistiske prinsipprogrammet. Det har bore namnet «Venstre» sidan 1910.
Venstre vart det største partiet i Danmark ved folketingsvalet i 2011, med 26,7 % av røystene, og 47 av 179 mandat i Folketinget.
Statsministrar frå Venstre
[endre | endre wikiteksten]Venstre har hatt 11 statsministrar.
- 1901–1905: Johan Henrik Deuntzer, (Reformvenstre)
- 1905–1908: J. C. Christensen, (Reformvenstre)
- 1908–1909, 1920–1924: Niels Neergaard, (Moderat)
- 1909: Ludvig Holstein-Ledreborg
- 1910–1913: Klaus Berntsen, (Moderat)
- 1926–1929: Thomas Madsen-Mygdal
- 1945–1947: Knud Kristensen
- 1950–1953: Erik Eriksen
- 1973–1975: Poul Hartling
- 2001–2009: Anders Fogh Rasmussen
- 2009–2011, 2015–2019: Lars Løkke Rasmussen
Partileiarar
[endre | endre wikiteksten]- 1929–1941: Thomas Madsen-Mygdal
- 1941–1949: Knud Kristensen
- 1949–1950: Edvard Sørensen
- 1950–1965: Erik Eriksen
- 1965–1977: Poul Hartling
- 1977–1984: Henning Christophersen
- 1984–1998: Uffe Ellemann-Jensen
- 1998–2009: Anders Fogh Rasmussen
- 2009–2019: Lars Løkke Rasmussen
- 2019–2023: Jakob Ellemann-Jensen
- 2023–2023: Stephanie Lose (konstituert)[3]
- 2023– : Troels Lund Poulsen
Valresultat for Venstre
[endre | endre wikiteksten]Val til Folketinget 1960–2011
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Troels Lund Poulsen er nu valgt som ny formand for Venstre» (på dansk). Venstre.dk. Henta 18. mai 2024.
- ↑ https://www.ft.dk/-/media/sites/ft/pdf/partier/om-politiske-partier/tal-og-fakta-om-partier/partiernes-medlemstal-fra-1960.ashx.
- ↑ Julie Almann Larsen. «Jakob Ellemann trækker sig fra dansk politik» (på dansk). TV2 Nyheder. Henta 24. oktober 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Venstre» frå Wikipedia på dansk, den 3. april 2007.