Ulster Unionist Party
Ulster Unionist Party | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 3. mars 1905 | ||
Hovudkvarter | Belfast | ||
Ideologi | Britisk unionisme[1] Konservatisme[1] Liberalisme[2] Progressivisme[2] «Soft» euroskeptisisme[1] | ||
Politisk posisjon | sentrum-høgre | ||
Europeisk tilknyting | Alliance of European Conservatives and Reformists |
Ulster Unionist Party (UUP) er det minste av dei to store unionistiske partia i Nord-Irland. Partiet vert nokre gonger kalla Official Unionist Party (OUP). Fram til 2003 var UUP det største unionistiske partiet i Nord-Irland, men ved valet i Nord-Irland i 2003 fekk Democratic Unionist Party fleire røyster og mandat.
UUP vart skipa den 3. mars 1905 i Ulster Hall i Belfast, under namnet Irish Unionist Party. Partiet sitt fremste føremål var å motverka innføringa av home rule, heimestyre for Irland. Partiet hadde frå byrjinga og heilt fram til 2005 formelle band med Oransjeordenen. I og med delinga av Irland på byringa 1920-talet vart òg den irske unionismen delt og eit eige Ulster-parti vart oppretta. Partiet vart det største i Nord-Irland og var i åra 1921-1972 regjeringsparti i den sjølvstyrande regeringa i Nord-Irland.
Partileiar frå 1995-2005 var David Trimble, som gjekk av etter det som for partiet var eit katastrofalt parlamentsval til parlamentet i Storbritannia. Fem av UUP sine seks representantar vann ikkje att setet sitt i parlamentet. Mellom desse var Trimble sjølv. Den 24. juni 2005 vart sir Reg Empey vald til ny partileiar.
Partileiarar
[endre | endre wikiteksten]Bilete | Namn | Partileiarperiode | Merknader | |
---|---|---|---|---|
Oberst Edward Saunderson | 1905 | 1906 | Ogso leiar av Irish Unionist Parliamentary Party | |
Walter Hume Long | 1906 | 1910 | Ogso leiar av Irish Unionist Parliamentary Party | |
Sir Edward Carson | 1910 | 1921 | Ogso leiar av Irish Unionist Parliamentary Party | |
The Viscount Craigavon | 1921 | 1940 | Fyrste statsminister i Nord-Irland | |
John Miller Andrews | 1940 | 1943 | Andre statsminister i Nord-Irland | |
The Viscount Brookeborough | 1943 | 1963 | Tredje statsminister i Nord-Irland | |
Captain Terence O'Neill | 1963 | 1969 | Fjerde statsminister i Nord-Irland | |
James Chichester-Clark | 1969 | 1971 | Femte statsminister i Nord-Irland | |
Brian Faulkner | 1971 | 1974 | Sjette og siste statsminister i Nord-Irland | |
Harry West | 1974 | 1979 | ||
James Molyneaux | 1979 | 1995 | ||
David Trimble | 1995 | 2005 | Fyrsteminister i Nord-Irland | |
Sir Reg Empey | 2005 | 2010 | ||
Tom Elliott | 2010 | 2012 | ||
Mike Nesbitt | 2012 | 2017 | ||
Robin Swann | 2017 |
Valresultat
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «NORTHERN IRELAND / UK». Parties and Elections in Europe.
- ↑ 2,0 2,1 «Nesbitt says NI needs liberal progressive politicians». Belfast Newsletter. Arkivert frå originalen 26. april 2016. Henta 4. juli 2016.