Tsjuvasjia
Utsjånad
Tsjuvasjia | |||
Чувашия Чӑваш Ен | |||
republikk | |||
|
|||
Nasjonalsong: Чӑваш Республикин патшалӑх гимнӗ | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Europeisk Russland, Den volgiske føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Tsjeboksary | ||
Areal | 18 300 km² | ||
Folketal | 1 167 061 (2024) | ||
Språk | russisk, tsjuvasjisk | ||
ISO 3166-2 kode | RU-CU | ||
Tsjuvasjia 55°27′34″N 47°05′46″E / 55.459444°N 47.096111°E | |||
Kart over Tsjuvasjia.
| |||
Wikimedia Commons: Chuvashia |
Tsjuvasjia[a] er ein republikk i Russland og heimlandet til det tsjuvasjiske folket. Det er eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tsjeboksary, ein by ved Volga med om lag ein halv million innbyggjarar.
Folk
[endre | endre wikiteksten]Størsteparten, om lag 906 000, av innbyggjarane er tsjuvasjar. Tsjuvasjia har 1 727 større og mindre landsbyar der det nesten berre bur tsjuvasjar. I dei største byane bur det òg mange russarar, tatarar, mordvinarar, ukrainarar og mariar.
Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]
- Tsjuvasjar: 65,1 %
- Russarar: 25,8 %
- Tatarar: 2,7 %
- Mordvinarar: 1,0 %
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Tsjuvasjia er samansett av 21 distrikt (russisk районы):
- Alatyrskij (Алатырский)
- Alikovskij (Аликовский)
- Batyrevskij (Батыревский)
- Ibresinskij (Ибресинский)
- Jadrinskij (Ядринский)
- Jaltsjikskij (Яльчикский)
- Jantikovskij (Янтиковский)
- Kanasjskij (Канашский)
- Komsomolskij (Комсомольский)
- Kozlovskij (Козловский)
- Krasnoarmejskij (Красноармейский)
- Krasnotsjetajskij (Красночетайский)
- Mariinsko-Posadskij (Мариинско-Посадский)
- Morgausjskij (Моргаушский)
- Poretskij (Порецкий)
- Sjemursjinskij (Шемуршинский)
- Sjumerlinskij (Шумерлинский)
- Tsivilskij (Цивильский)
- Tsjeboksarskij (Чебоксарский)
- Urmarskij (Урмарский)
- Vurnarskij (Вурнарский)
Byar
[endre | endre wikiteksten]- Tsjeboksary (453 700)
- Novotsjeboksarsk (124 100)
- Kanasj (45 610)
- Alatyr (38 200)
- Sjumerlja (31 720)
- Kozlovka (10 360)
- Tsivilsk (13 480)
- Kugesi (11 920)
- Jadrin (9614)
- Mariinskij-Posad (9088)
(folketal frå 2010)[1]
Språk
[endre | endre wikiteksten]I byane er russisk det mest brukte språket, på landsbygda er tsjuvasjisk meir utbreitt.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ russisk Чувашская Республика Tsjuvasjkaja Respublika; tsjuvasjisk Чăваш Республики Tsjâvasj Respobliki
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010