The Corrs
The Corrs | |||
| |||
Opphav | Dundalk i Irland | ||
---|---|---|---|
Periode | 1990–2006, 2015- | ||
Aktiv | 2000– | ||
Sjanger | alternativ rock, rock | ||
Plateselskap | 143 Records, Lava Records, Atlantic Records, Warner Music Group | ||
Medlemmer | Jim Corr Sharon Corr Caroline Corr Andrea Corr |
The Corrs er ei folkrockgruppe frå Dundalk i County Louth i Irland. Gruppa blei skipa i 1990, og består av tre systrer og ein bror frå familien Corr: Sharon Corr, Caroline Corr, Andrea Corr og Jim Corr.[1] The Corrs har gjeve ut seks studioalbum.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Dei fire medlemman av The Corrs er barn av Jean og Gerry Corr.[2] Familien budde i Dundalk i Irland.[3] Jean og Gerry hadde si eiga musikkgruppe, Sound Affair, som spelte songar av ABBA og The Eagles i lokale pubar i Dundalk-området, og ofte tok med seg borna på konsert.[4][5]
Oppmuntra av foreldra byrja barna å spela ulike instrument.[6] Dei øva ofte i soverommet til Jim i eit hus han hadde leigd. Andrea song hovudvokal, Sharon spelte fiolin og både Caroline og Jim spelte keyboard.[7] I 1990 skipa syskena ei gruppe dei kalla The Corrs.[8]
I samband med ein audition for The Commitments, der Andrea Corr fekk ei rolle, blei gruppa oppdaga av John Hughes, som blei manageren deira.[9] The Corrs skreiv kontrakt med Atlantic Records i 1995 og drog til Nord-Amerika for å spela inn debutalbumet sitt Forgiven, Not Forgotten. Det keltisk-inspirerte albumet inneheldt sjølvskrivne songar som «Runaway» og «Closer», i tillegg til seks instrumentale spor med irsk tradisjonsmusikk. Adrea Corr song hovudvokal og spelte blikkfløyte. Albumet hadde suksess i fleire land, særleg Irland, Australia, Japan og Spania. Det selde til platina i Storbritannia og Australia, og firedobbel platina i Irland, noko som gjorde det til den mest populære debutet av ei irsk gruppe.[10][11][12][13]
Etter suksessen til debutalbumet gav The Corrs ut albuma Talk on Corners i 1997 og In Blue i 2000.[14] Talk on Corners fekk først ein lunken suksess, men etter utgjevinga av ein remiksversjon gjekk det til toppen av salslistene i fleire land, og selde til platina i Storbritannia og Australia.[15][16] In Blue nærma seg popmusikk, med stor vekt på elektronisk synthesiser. Det hadde suksess, og var på førsteplassen i den første veka i sal i Storbritannia, Irland, Australia, Tyskland, Sveits og Austerrike, og debuterte på andreplassen i Frankrike og Noreg. Det klatra til førsteplassen i den andre veka i sal i Sverige og Spania.[17]
Under produksjonen av In Blue døydde mora til Corr-syskena, Jean, medan ho venta på ein lungetransplantasjon ved Freeman Hospital i Newcastle i England.[18] Ho blei gravlagd ved St. Patrick's gravstad i Dundalk. Bono, Larry Mullen, Brian Kennedy og Paul Brady kom i gravferda.[19] «No More Cry», som Andrea og Caroline Corr skreiv for albumet, var dedisert til far deira i håp om å hjelpa han med sorga.[20]
I 2003 spelte Andrea Corr inn «Time Enough For Tears», ein song skriven av Bono og Gavin Friday til filmen In America.[21] Sporet blei teke med på The Corrs-albumet Borrowed Heaven frå 2004.[22] Borrowed Heaven var dedisert til den avdøde mora deira, Jean, og faren Gerry.[23] Gruppa dediserte også albumet Home frå 2005 til mor si.[24] På dette albumet spelte gruppa ei rekkje irske folkesonga henta frå mora si songbok for å markera dei 15 åra dei hadde vore eit band.[25][26][27]
Det sjette studioalbumet til The Corrs, White Light,[28] blei gjeve ut 27. november 2015, og følgd opp med ein verdsturné.
Alle medlemmene i gruppa er blitt utnemnd til Honorary Members av Order of the British Empire (MBE).
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Studioalbum
- Forgiven, Not Forgotten (1995)
- Talk on Corners (1997)
- In Blue (2000)
- Borrowed Heaven (2004)
- Home (2005)
- White Light (2015)
- Jupiter Calling (2017)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lewicki, Aaron. «Absolute Divas – The Corrs biography». absolutedivas.com. Arkivert frå originalen 19. november 2010. Henta 6. juni 2018.
- ↑ Borden, Timothy. «The Corrs biography – Contemporary Musicians». Enotes.com. Henta 1. november 2007.
- ↑ «The Corrs Cosmopolis English Edition». desember 1999. Arkivert frå originalen 22. juli 2012. Henta 1. november 2007.
- ↑ «The Corrs». Hello! Magazine. Arkivert frå originalen den 17. oktober 2007. Henta 1. november 2007.
- ↑ Cornwell, Jane (1999). The Corrs. London: Virgin Publishing Ltd. s. 16. ISBN 1-85227-840-4.
- ↑ «The Corrs lyrics and biography». Musicianguide.com. Arkivert frå originalen den 12. november 2007. Henta 1. november 2007.
- ↑ Cornwell, Jane (1999). The Corrs. London: Virgin Publishing Ltd. s. 21. ISBN 1-85227-840-4.
- ↑ Cornwell, Jane (1999). The Corrs. London: Virgin Publishing Ltd. s. 102. ISBN 1-85227-840-4.
- ↑ «The Biography Channel – The Corrs biography». The Biography Channel. Arkivert frå originalen 29 May 2007. Henta 1. november 2007.
- ↑ «Forgiven, Not Forgotten UK Certification». The BPI. 15. januar 1999. Arkivert frå originalen 30. september 2007. Henta 14. juli 2007.
- ↑ Forgiven, Not Forgotten Australian Certification. ARIA. Henta 14. juli 2007.
- ↑ «The Corrs». VH1.com. Arkivert frå originalen den 13. november 2007. Henta 1. november 2007.
- ↑ «The Corrs on MSN Music». Arkivert frå originalen 8. mars 2009. Henta 11. juli 2019.
- ↑ «The Corrs biography». Bandbiographies.com. Arkivert frå originalen 16. oktober 2007. Henta 1. november 2007.
- ↑ «Talk on Corners UK Certification]». Arkivert frå originalen 30. september 2007.. The BPI. 1. april 1999. Henta 14. juli 2007.
- ↑ Talk on Corners Australian Certification. ARIA. Henta 14. juli 2007.
- ↑ «The Corrs Eye U.S. Success». Billboard.com. 21. august 2000. Arkivert frå originalen den 4. november 2007. Henta 1. november 2007.
- ↑ «Stars of music world gather to mourn with the Corrs family». Independent Newspaper. 28. november 2000. Arkivert frå originalen 29. juni 2012. Henta 1. november 2007.
- ↑ Keogh, Elaine (29. november 1999). «Corrs share grief as mother is buried». Independent Newspaper. Arkivert frå originalen 4. august 2012. Henta 1. november 2007.
- ↑ «Corrs' main frame». Arkivert frå originalen 16. oktober 2007. Henta 1. november 2007.
- ↑ «Bono & Gavin Frida: "Time Enough for Tears"». 4. november 2002. Arkivert frå originalen den 17. november 2007. Henta 2. november 2007.
- ↑ Uthayashanker, Uma. «The Corrs: Borrowed Heaven». MusicOMH.com. Arkivert frå originalen 7. november 2007. Henta 2. november 2007.
- ↑ «The Corrs & Heaven 'Borrowed Heaven' album». Music Remedy. Arkivert frå originalen 30. oktober 2007. Henta 2. november 2007.
- ↑ Maher, Gareth. «The Corrs' album 'Home'». CLUAS.com. Henta 2 November 2007.
- ↑ Murphy, Hubert (16. september 2005). «Corrs make a return to Fingal». Fingal Independent. Arkivert frå originalen 12. november 2007. Henta 2. november 2007.
- ↑ «The Corrs 'Home' album». MusicRemedy.com. Arkivert frå originalen 22 October 2007. Henta 2. november 2007.
- ↑ Weisinger, Mark (7. mars 2006). «The Corrs: Home». Popmatters.com. Henta 2. november 2007.
- ↑ Wyatt, Daisy (17. september 2015). «The Corrs are coming back for a 2016 UK tour». The Independent. Henta 18. september 2015.