Hopp til innhald

Bono

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bono

Bono i 2009
Fødd10. mai 1960 (64 år)
FødestadDublin i Irland
FødenamnPaul David Hewson
AliasBono, Bono Vox
OpphavIrland
Aktiv1976 til i dag
SjangerRock, post-punk, alternativ rock
Instrumentvokal, gitar, munnspel, klaverinstrument
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarU2, Passengers
PlateselskapIsland Records
Verka somMusikar, songar-låtskrivar
MorIris Hewson
FarBob Hewson
Gift medAli Hewson
BornEve Hewson, Elijah Hewson, Jordan Hewson, John Hewson
PrisarRidder av Æreslegionen, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Honorary Knight Commander of the Order of the British Empire, MusiCares Person of the Year, Philadelphia Liberty Medal, TED Prize, NAACP Image Award – Chairman's Award, Grammy Award, æresdoktor ved Keio-universitetet, medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow, offiser av Frihetsordenen, Årets person (Time), Man of Peace, Rock and Roll Hall of Fame, 3. klasse av Ukrainas fortjenstorden

Paul David Hewson (fødd 10. mai 1960), kjend under scenenamnet Bono, er ein irsk songar-låtskrivar, musikar, ventureinvestor, forretningsmann og filantrop.[1] Han er mest kjend som frontmann i rockebandet U2 frå Dublin. Bono vart fødd og voks opp i Dublin og gjekk på Mount Temple Comprehensive School, der han møtte den framtidige kona si, Alison Stewart, og dei framtidige medlemmane av U2.[2][3][4] Bono har skrive nesten alle tekstane til U2, og nyttar ofte religiøse, sosiale og politiske tema.[5][6] I dei tidlege åra til U2 hadde tekstane til Bono ein opprørsk og spirituell tone.[5] Etter kvart som bandet vart eldre, har tekstane vorte meir personlege.[3][5]

Utafor bandet har han samarbeidd og spelt inn musikk med mange andre artistar,[7][8][9] og er direktør og partnar i Elevation Partners,[10] og har pussa opp og eig Clarence Hotel i Dublin med The Edge.[11][12] Bono er vidt kjend for aktivismen sin for Afrika, og han har vore med å starte DATA, EDUN, ONE Campaign og Product Red.[3][13] Han har organisert og spelt på mange konsertar for veldedige føremål og har møtt mange viktige politikarar.[13][14][15] Bono har blitt hylla og kritisert for aktivismen og involveringa til U2.[16][17][18]

Bono vart slått til riddar av Elizabeth II av Storbritannia for «tenestene sine i musikkindustrien og for det humanitære arbeidet sitt», og vart i lag med Bill og Melinda Gates kåra til årets person i Time i 2005.[16][19][20][21] I 2013 vart Bono kommandør i den franske Ordre des Arts et des Lettres.

År Film Rolle Merknader
1988 Rattle and Hum Bono Rockumentar
1998 The Simpsons Seg sjølv TV-serie; ein episode, «Trash of the Titans»
1999 Classic Album Bono TV-serie; ein episode, «The Joshua Tree»
Entropy Seg sjølv
2000 The Million Dollar Hotel Mann i hotellobby Cameo, manusforfattar, produsent
Sightings of Bono Seg sjølv Kortfilm
2005 Entourage Seg sjølv TV-serie; ein episode, «I Love You Too»
2007 Rewind Bono Rockumentar
Across The Universe Dr. Robert
American Idol Seg sjølv TV-serie; «Idol Gives Back»
2008 U2 3D Bono 3D-konsertfilm
2009 Entourage Seg sjølv TV-serie; ein episode, «Give a Little Bit»
Brüno Seg sjølv Mockumentar-komedie
2011 From the Sky Down Bono Rockumentar
Anton Corbijn Inside Out Bono
2012 B.B. King – The Life of Riley Bono Dokumentar
The Resurrection of Victor Jara Bono
2013 Muscle Shoals Bono Dokumentar
  1. «Bono: A Global Rock Star and Activist.». Oprah.com. Henta 6. mars 2015. 
  2. «U2 Biography—Bono». Macphisto.net. 2006. Henta 3 May 2007. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Assayas, Michka (2005). Bono on Bono: Conversations with Michka Assayas. London: Hodder & Stoughton. ISBN 0-340-83276-2. 
  4. «Adam Clayton biography – U2 bassist». atU2.com. Henta 19 November 2010. ; Moss, Vincent (24 December 2006). «The Unforgettable Sire». Sunday Mirror. Henta 6. mars 2015. ; McIntosh, Elise (3 October 2006). «In Music and Love, U2 Has Staying Power». Staten Island Advance. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Bono: Biography from @U2». atU2.com. Henta 19 November 2010. 
  6. Stockman (2005)
  7. Simon, S. (Host). (13 November 1993). Weekend Edition Saturday. Washington, DC: National Public Radio.
  8. «News». Lost Highway Records. 10 October 2005. Arkivert frå originalen 24 October 2005. Henta 5 September 2013. 
  9. Bono (10 August 1984). BONO, BOB AND VAN. Hot Press.
  10. «Billboard.biz». Billboard. 18 May 2012. Henta 6. mars 2015. 
  11. Elevation Partners. (2007). Introduction to Elevation Partners Arkivert 2007-07-03 ved Wayback Machine.. Retrieved 4 July 2007.
  12. The Clarence Hotel. (Unknown last update). At the Clarence Arkivert 2007-07-05 ved Wayback Machine.. Retrieved 4 July 2007.
  13. 13,0 13,1 Bono. (February 2006). Remarks at the National Prayer Breakfast. Speech presented at Hilton Washington Hotel at Washington, D.C.
  14. Booth, C. (23 June 1986). Conspiracy of Hope Tour. Time, 127.
  15. Wolinsky, D. (31 May 2005). DMB, U2 Lead Live 7 Shows. Rolling Stones. Retrieved 25 July 2007, from Rolling Stone Arkivert 2009-04-22 ved Wayback Machine..
  16. 16,0 16,1 Mellgren, D. (24 February 2006). Bono Among Nobel Peace Prize Nominees. Associated Press. Henta 6. mars 2015, frå Bono Among Nobel Peace Prize Nominees.
  17. «Grammy Winners List: Artist – U2». Grammy.com. The Recording Academy. Henta 19 November 2010. 
  18. Browning, Lynnley (4 February 2007). «The Netherlands, the New Tax Shelter Hot Spot». The New York Times. Henta 21 March 2007. 
  19. "Honorary knighthood for U2's Bono". BBC News. (23 December 2006). Retrieved 14 January 2007
  20. [Unknown Author] (23 December 2006). Bono gets honorary knighthood. RTÉ News. Retrieved 14 January 2007, from RTE.
  21. Gibbs, N. (26 December 2005). The Good Samaritans Arkivert 2011-02-25 ved Wayback Machine.. Time, 166.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Bono