Europa er den nest minste verdsdelen i verda ut frå areal og dekkjer om lag 10 180 000 km² eller 2,0% av jordoverflata. Berre Australia er mindre. Europa er den tredje folkerikaste verdsdelen etter Asia og Afrika med om lag 710 millionar innbyggjarar eller 11% av folkesetnaden på jorda. Av Europa sine 48 land er Russland det største ut frå areal og folketal, medan Vatikanstaten er det minst. Europa er fødestad for Den europeiske unionen, eit politisk, økonomisk og sosialt samarbeid som har arbeida for å fremja europeisk integrasjon sidan 1950-åra.
Klimaet i Europa er roleg samanlikna med andre landmassar på same breiddegrader. Området vert sjeldan råka av alvorlege uvêr eller ekstreme vêrsituasjonar. I Nord-Amerika har ein tornadoar, orkanar og snøstormar, medan land som Kina kan få både ekstrem varme og brutal kulde. I Europa kan eit temperaturfall på 10 grader frå ein dag til den neste vere ein signifikant vêrendring, medan dette ikkje er uvanleg i USA.
...det er ikkje alle som reknar Europa som eit kontinent, av di det ikkje er omgjeve av hav og av di grensene er meir kulturelt enn geografisk definert?
...geologien i Europa er så komplisert at den gjev opphav til svært varierte landskap?
...Elbrus, med sine 5 642 meter, blir rekna som det høgaste fjellet i Europa?
2 Ligg i Vest-Asia, men vert rekna inn under Europa på grunn av kulturelle, politiske og historiske årsaker.
3 Har biland eller liknande territorium utanfor Europa.
4 Namnekrangel med Hellas.
5 Erklærte sjølvstende frå Serbia 17. februar 2008 og er anerkjend av 44 land, inkludert Taiwan.