Republikken Kina
- Denne artikkelen handlar om republikken på Taiwan. For republikken på fastlandskina, sjå Folkerepublikken Kina.
中華民國 Zhōnghuá Mínguó (norsk: Republikken Kina, taiwansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Folket sine tre prinsipp» | ||||||
Offisielle språk | Mandarinkinesisk | ||||||
Hovudstad | Taipei (de facto) Nanjing (de jure) | ||||||
Styresett |
Republikk Lai Ching-te Cho Jung-tai | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
35 980 km² (136.) 2,8 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
23 508 428 (53.) 653,4 /km² (10.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Respektert |
Frå Wuchang-opprøret 10. oktober 1911 1. januar 1912 | ||||||
Nasjonaldag | 10. oktober | ||||||
BNP – Totalt (2005) – Per innbyggjar |
629 858 mill. USD (17.) 27 122 USD (23.) | ||||||
Valuta | Ny taiwansk dollar | ||||||
Tidssone | UTC +8 | ||||||
Telefonkode | +886 | ||||||
Toppnivådomene | .tw
|
Republikken Kina, kinesisk Zhōnghuá Mínguó, i dag oftast omtalt som Taiwan, er ein stat som omfattar øya Taiwan i Stillehavet og nokre mindre øyar, blant dei Pescadorerna, Jinmen og Mazu. Republikken Kina gjer også krav på det kinesiske fastlandet, som sidan 1949 har vore kontrollert av Folkerepublikken Kina.[1] Om lag 22 millionar innbyggjarar bur på Taiwan som er kontrollert av Republikken Kina.
Den provisoriske hovudstaden til Republikken Kina er Taipei, og regjeringa har hatt sete her sidan 1949. Offisielt vert byen Nanjing på fastlandet, som no er ein del av Folkerepublikken Kina, rekna som hovudstaden.
Republikken Kina vart grunnlagd etter at keisardømet fall i 1911. Nasjonalistregeringa Guomindang kontrollerte det meste av Kina fram til 1949. Etter ein langvarig krig fekk dei kinesiske kommunistane kontrollen over det meste av Kina. Guomindang-regjeringa under leiing av Jiang Jieshi flykta då til øya Taiwan. Republikken Kina gjer krav på å representere heile Kina, og styret der var internasjonalt godkjent som lovleg representant for Kina heilt fram til 1971, då republikken mista Kina sin plass i FN til fordel for Folkerepublikken Kina.[2]
Korkje regimet i Beijing på fastlandet eller Guomindang-partiet på Taiwan godtek at Taiwan er ein eigen stat, og begge gjer krav på å representere heile Kina. Andre taiwanesarar vil heller at Taiwan skal vere eit sjølvstendig Taiwan, men ikkje gjere krav på å representere heile Kina, slik namnet «Republikken Kina» framleis er eit tydeleg signal om.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Thuesen, Nils Petter; Næverdal, Cato; Lundbo, Sten (24. oktober 2021). «Taiwan». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ Filseth, Gunnar (17. august 2021). «Taiwans historie». Store norske leksikon (på norsk bokmål).